torsdag 25. februar 2010

Konfirmasjonstid

Snart er det mai, vår og konfirmasjonstid!
Fotobestillingane tikkar inn hos meg, noko som er kjekt!
Her ei av dei flotte konfirmantane som vart fotografert i fjor.
Flott bunad og flott jenta!

Ha ein gode dag!

tirsdag 23. februar 2010

Lysranke

Stjernelysranken som eg kjøpte på Riviera Maison i Bergen før jul,
likar eg SÅ godt...
Dette bilete er tatt før jul, men om sviblar og mose er "gone",
så heng stjernene der enda.

Med vinterstemning ute så kan nok dei få henga litt til...

God vinterferietid!

fredag 19. februar 2010

Rett Hjem


Ny utgåve frå Rett Hjem er utgitt.
Her er eit knippe av bileta mine,
som er på trykk i bladet.

Location: LyseKloster på Os,
i lag med to kjekke søstre!
Hei til dykk!
Ha ei gode helg!
:-)

Nå lengtar eg etter vår...

torsdag 18. februar 2010

Karneval!


KaRneVal


I går var det vår tur til å senda "gjengen" på karneval i barnehagen. Alle som har barnehageborn, har hatt borna i barnehage eller kjem til å få barnehageborn må gjennom utkledning i februar.

Våre håpefulle var kledd ut som 90% av dei andre ungane.
Prinsessa og Kaptein Sabeltann!

Storesøster var nok den som gledde seg mest. Kvelden før låg alt klart til den store dagen. Halv sju ville ho legga seg slik at det vart morgon ganske kjapt!
Høgdepunktet er nemlig å få lov til å bruka sminke! Det er himmelen på jord! Rosa i kinno! Høghelte sko! Gid a`meg! Tryllestav! Sukk og stønn -eg er vakker!!!
*Det er i slike tider ei usminka mammaBodil lurar på om denne jentejenta er mi...
Eg var nemlig ei gutejenta. Bestevenen min var Gunnar. Håret var kortklipt og favorittplagget var ei revolverdongribukse! :-)

VetleKapteinen vår gledde seg også,
om han syntes han var så skummel at han nesten var redd seg sjølv...
:-)

God karnevalstid til dykk alle!


 

onsdag 17. februar 2010

True Love


E k t e   K j æ r l e i k !
Dette flotte paret har vore gift i 50 år!

Dei stilte sporty opp, etter å ha fått fotografering som gåve frå sine barnebarn.
Det er fantastisk kjekt og inspirerande for meg å ta bilete av ulike aldersgrupper. Variasjonen gjer dagane mine gode! :-)
Denne spreke mannen er faktisk 80 år!

For meg vart dette som å fotografera eit nyforelska brudepar!
Rørande og godt å sjå slik kjærleik!

T A K K for oppdraget!

lørdag 13. februar 2010

Smykke


Sjelden blir det kjøpt noko til meg sjølv frå meg sjølv
(nå utelukkar me stolar, lampar, koppar og kar
-det er tross alt kjøpt inn til familien...:-)).
Eg meinar sånne personlige dilleting, som eit smykke eller to!

Dette smykket kjøpte eg på Gardemoen,
etter at byblomane til resten av familien var innkjøpte.
"Eg har mange smykker.
Eg brukar ingen smykker.
Eller jo, eg er ein sånn som brukar det eg fekk sist mykje.
Då er alt det andre eg har gløymt...
Sikkert ein dårlig forbrukaregenskap,
men ei sanning i mitt liv.
Så nå er det nye smykket i sentrum.
B r u k t   f l i t t i g.
Synes til og med det såg fint ut i den store skåla i stova.




Ha ein god laurdag!

fredag 12. februar 2010

Tanken som tel...

Det er tanken som tel...
På tirsdag då våre to små kom heim frå barnehagen hadde dei begge gåver med til ho mor. Stolt storesøster leverte dette rosa, flotte hjartekortet til meg.
(At dette sikkert var morsdagskortet som nok skulle gøymast til søndag hadde far ikkje tenkt på... Derfor Kjære barnehage: Vennligst minn fedre på slikt. Fleire gonger!!!).

Morsdagskort eller ei, mammo vart glad ho, altså!

Men i skuggen til storesøster stod det ein liten kar som ikkje ville verre enn at han og skulle gi noko. Knept i handa hadde han si gåve. Denne vakre pinnen var til meg. Min son veit nemleg kva trender som gjeld: Me tek naturen inn! Pinnen hadde han funne på vegen, "og då sko`eg gi den te deg!". Mammo vart absolutt knallglad for pinnen og.  Spesielt nydelig vart den på kjøleskapsdøra...

:-)

onsdag 10. februar 2010

Kvinnovasjon


Eg har vore med i ei arbeidsgruppe som vart samla i fjor,
med mål å få i gang "Kvinnovasjon" her i regionen.

Kvinnovasjon sitt mål er å verta ein møtestad for gründerkvinner,
og for dei som drøymer om å verta det.


I dag kl. 18.00 er det KICK OFF på Stord Hotel!
Det er ikkje for seint å melda deg på!

Grunn god nok for å komma er at...
- du kanskje vil veta meir om kva Kvinnovasjon er?
- du har ein draum om å starta for deg sjølv?
- du synes du har ein god forretningside?
- du har drive firma lenge?
- du vil skapa kontaktar med andre gründerar?
- du vil møta andre kvinner som driv eller ynskjer å driva sjølv?
Osv.

Me snakkast!

Påmelding ser dykk på annonsa øverst!

tirsdag 9. februar 2010

BO i avisa + innlegg nr. 500!

I dag er det heile tre sider om BO design & foto i avisa!
Sunnhordland har tema bryllaup,
og i den samanheng er mine bilete på trykk.
Pluss litt om meg...

Dette er faktisk mitt 500. innlegg!
:-)
Så då feirar me også det...


Ha ein kjekke dag!

mandag 8. februar 2010

Tøffel

Knallsøte musetøflar står på veslebror sitt rom.
Helst vil han sova med dei om natta...
:-)
Gode kveld!

lørdag 6. februar 2010

Hare Hopp


Hare Hopp flytta inn til oss i desember. Må nok medgi at dette er ei kanin, men eg er ikkje så flink på dette med dyr- eller bilsortar. For eksempel så ser eg vel ikkje så veldig forskjell på rein, hjort eller elg... Så det er absolutt ikkje eit godt sjakktrekk å ta meg med på jakt!
Harekanina vår har iallefall gjort suksess i heimen. Som bordpynt i barnebursdagane, som "leikelampe" og som lampe på romma til ungane. Diverre er våre begge to småtroll forgapt i lampen, så her er det litt krangel om kven som er eigar. Me får dela, eller ta oss ein ny tur til Bertas Oldebarn -for da var der vidunderet vart kjøpt.

God laurdag!

mandag 1. februar 2010

Messefjas og mas...

Her kjem litt fjas og mas frå Interiør & Gavemessen. Bilete har eg lånt av Nenna (med løyve sjølvsagt-Tusen takk!). Eg hadde nemlig ikkje med meg kamera. At I-phonen min fungerar godt som kamera fortrengte eg... Uansett, Nenna sitt bilete fungerar flott. Kikk gjerne inn på hennar blogg for å sjå fleire bilete frå messa.
(Det må faktisk nevnast at eg trur dette er fyrste gong eg viser nokon andre sine bilete på min blogg! Kryss i taket!).

På fredag reiste eg altså tidlig om morgonen med ferje og så fly til Oslo. Med knallkjekt reisefølge så kjørte me taxi til dørstokken på messa i Lillestrøm.
Med fyrste augekast er messa overveldande, for den er STOR! Etter ei stund så får ein jo på ein måte oversikten, om eg så absolutt ikkje rakk over alt...Hall E, hall D -eg har ingen kontroll! :-) 

Messa har mykje, dvs. mykje drit og absolutt mykje fint! :-) Mine favoritt standar (basert på korleis standen såg ut, ikkje naudsynt innhaldet) var House Doctor, PB Home, Green Gate, ib Laursen, Rice, Bruka, Lama, Miljøgärden sin vinbar :) og to tvillingjenter frå Bergen som eg ikkje hugsar navnet på...

House Doctor vart ein favoritt hos meg, for dei har mykje eg har lyst på!!! Bilete tatt av Nenna er frå den standen. Tøft!!?? Ser at denne standen også var hennar favoritt. Nenna, me skulle møtst!!! :-)

Mange standar hadde eit ikkje så flatterande fyrsteinntrykk, men på ein slik stand fann eg ein del møblar som eg gjerne ville hatt med meg heim... Det er altså lurt å leita etter godsakene, og ikkje dømma etter utsjånaden. (Dagens moral).

Likevel, heilt ærleg; Eg er glad eg ikkje er innkjøpar!!! Det kan ikkje vera lett, ettersom det ikkje er mykje nytt å sjå (Iallefall ikkje for dei som har vore på messa, år etter år...). Likevel, det bugnar (her snakkar me mot oss sjølv)! La oss seia det slik, det som er nytt lignar på det som ein allereie har sett. Det nye, det fargerike, har kanskje ikkje det salspotensiale som andre meir "kvite" produkt har. Eller dette "Urbanstyle" greio slår kanskje ikkje an hjå nokon som nett har mala veggane sine kvite... Oppdraget for innkjøpar må derfor vera litt utfordrande!

Messo gjev derfor eit svært variert og kanskje "rotete" inntrykk. Masse inntrykk gjorde iallefall at eg gjekk der i frå med eit ynskje om knallorange postboks frå Bruka, knallgul kaffikanne frå Rice, vitrineskap frå Henrik, lyseblå små skåler frå ib-Laursen og ein rosa puff i frå Bergensjenter som eg fortsatt ikkje hugsar navnet på! Eg er blitt ei forvirra interiørdama...

Turen var iallefall kjempekjekke! Eg fekk sjå Finn Schjøll (som gjere meg glad) og kjent litt luft under armane etter gammalt!

Og eg vil reisa igjen... :-)