onsdag 30. desember 2009

R O S E L I L L E




Etter luke 8 i min amputerte adventskalender fekk eg mange spørsmål og mailar kor eg hadde kjøpt jakka til jenta vår på "sneakpeek" bilete.
Her kjem svaret: Beige jakke til storesøster samt grå jakke til veslebror er kjøpt på nettbutikken http://www.roselille.dk/forsiden/
Der er også "juleantrekket" til minstemann kjøpt, dvs. bukse, genser, bukseselar, skjerf og hatt.
Kjekke nettbutikk, men hugs at tollen kjem utanom det varene kostar...så blir litt dyrare enn du kanskje trur/håpar!!! :-)

Rutete nostalgisk kjole på bilete under er fra MeMini, kjøpt på Lukas og Linnea.
Grå strikkekåpe på eit av bileta her, er fra Benetton.

Lykke til med eventuell handel!


tysdag 29. desember 2009

GOD ♥ rom ♥ JUL




Håpar dykk alle har hatt ei god jul, og ei gode romjul!
Me kosar oss på Halsnøy, med familie og masse vener.
Litt stappmette, men elles bra...:) 

Desse to bileta er eg veldig glad i.
Kanskje fordi eg er veldig glad i dei som er fotografert?...
Bileta vart brukt på julekortet i år (blandt mange andre).
Julekortet skal som lovt tidlegare, visast i eit anna høve.

Kos dåke!
Ver gode med kvarandre...





søndag 20. desember 2009

Luke 20: Utepynt






Mykje er nedsnødd her hos oss nå -skikkelig V I N T E R!

På bordet ute er tinga frose fast, men ikkje nedsnødd.
Litt lykter og kongler skapar både vinter og julestemning!

*Nydelig stjerne kjøpte eg på Kvist og Kvast.
Vart så sabla fornøyd når eg såg den!
**Fuglelykta som eg fekk av mi kjære svigerinne til fødselsdagen min,
pleier å stå inne, men fekk lufta seg i desse juletider. :-)

laurdag 19. desember 2009

Luke 19: 5 år



Den 15. desember vart vår vesle prima ballerina 5 år!
Ballettkjolen fekk ho på dagen sin, og den er berre "heilt lekker og nuuuuudelig"... :-)

*Kjolen er av merket Noa Noa. Me kjøpte den på Min Engel når me var på bytur. Dei har den også på Lukas og Linnea, og sjølvsagt andre som sel Noa Noa merket... :-)

fredag 18. desember 2009

Luke 18: It`s hard to be a nisseman 2009



Déjà vu
 I år som i fjor var det nissefest i barnehagen.
To skjønne små nissar kom heim gode og mette
med mykje graut og sjokolade i magane sine.

Som i fjor ville eg ta bilete av dei to, og ei kjensle av déjà vu kom over meg når eg innbitt prøvde å ta bilete av dei på trappa.
Som to små hissige nisseungar smatt dei inn raskare enn fy,
men mammo var kjapp å klarte å fange dei begge
på minnebrikko denne gongen!

Dette får dermed bli ein juletradisjon i vår familie:
To hissige små nissar som smett inn inngangsdøra!!!

Her er fjorårets nissegut:


torsdag 17. desember 2009

Luke 17: Velkommen inn!









V E L K O M M E N
inn i stova vår!

Her pyntar me med muffins, epler, sviblar og granbar!
Alt kan brukast som pynt, etandes eller kunstig.

*Men litt for fristandes med desse muffinsane... :-)

Ha ein knallgode dag!

onsdag 16. desember 2009

Luke 16: Alive and kicking!



Som overskrifta syner; eg er i live! :-)
Har fått nokre bekymringsmeldingar! Svært koselig synes eg. Litt rørandes, faktisk! :-)

Mange luker i kalenderen manglar! Eg gjer derfor som ho Ingrid Espelid -JOKSAR litt!
Så lukene nedanfor kjem til å dukka opp, ei etter ei...

Mitt fråvær skyldast: TRAVLE jobbdagar (kveldar). Juleforberedelsar. Jule/famile/bursdagsselskap. 5 årsdag for verdens besta jenta med sjølvsagt jentebesøk og bursdagsfeiring. Plussar ein då på at vetleguten har vore sjuk med smitting av mor, så har eg fråværslappen klar...

Nå er eg klar for innspurt på jobbfronten, julefronten og dei andre frontane som må takast...

Skjønne Bambiar er komme frå julenissen i kalenderen til to småtroll. Knallfine er dei! Bambiane er kjøpt på Berthas Oldebarn i Bergen.

fredag 11. desember 2009

Luke 11: Kvit jul



Mykje av julepynten min er kvit. Like mykje er raudt.
Derfor startar eg med det kvite og sper på med meir og meir raudt ettersom tida sklir (rasar) mot julaftan.

Julefrydskåla fekk eg til jul i fjor frå snille Lena.
Var derfor så kjekt å opna julepynten for å sjå den!
Nesten som ein gløymer det ut, og får dermed gåva to gonger... :-)

torsdag 10. desember 2009

Luke 10: Litt etter litt


Litt etter litt blir det jul hos oss. Ein stein med    god jul   kan kanskje gi den gode julestemningen...iallefall så lenge ingen hiv den i hovudet på nokon andre... :-)

Joksekalender er stas... :-)

onsdag 9. desember 2009

Luke 9: The winner is...



Din blogg vart trukken ut via nummerert loddtrekning!
Gratulera!
:-)
Oversend di adresse på min mail, så sender eg deg ei julegåve frå meg!

Tusen takk, alle saman for utrulig mange kommentarar med kjekke ord.
Eg set utrulig stor pris på det!

Luke 8 (på etterskudd): Sneakpeek årets julekort



Grunna eit lite kjekt migreneanfall i går, så vart det ikkje mykje kalender her på bloggen. Nå er eg "fit for fight" og derfor to luker her i dag!
Her er eit bilete frå julekortseansen i år. Det gir vel egentlig ikkje noko hint om årets tema, viss ikkje du har sterke evner som synsk! :-)

Ha ein kjekke dag! Håpar dykk er friske!

P.S: Hipp hurra for tante Eva i barnehagen! Verdens kjekkaste tante Eva, som me er så glade i!

måndag 7. desember 2009

Luke 7: Dette er eit pepperkakehus




Ja dette er eit pepperkakehus. Heilt sant. Under all melisen (som blir påført med skei -alltid anten for blaut eller for tjukk!) og alt snopet ligg pepperkakehuset. Huset er ikkje heimalaga, men kjøpt i butikken. Pappen stod for oppbygging (huset var på ingen måte sikra under transport og bar preg av det), mor stod for melisen og ungane pynta. Ingen minimalisme her i gården. Maximalisme!!!

*Sjølvsagt så vart ein del pynt ete underveis. Av og til smakar nemlig seigemenn knakandes godt!  

søndag 6. desember 2009

Luke 6: Her Bor




For veldig, veldig lenge sidan, så hadde me i denne familien ein maledag. Ein ide eg hadde var å ta fingeravtrykka våre på minilerret som eg hadde kjøpt. Fire tommeltottar vart duppa i svart maling og "klistra" på kvar sitt lerret. I dag (den store ryddedagen kallar me den her i huset) er "tommeltottane" våre hengt opp på veggen. Vår versjon av "Her Bor" skilta! Endelig! (Så kjære Puttimor; Her er dei!). 

"Se meg" bilete frå Gunilla Holm Platou er også blitt hengt opp (det kom ikkje lenger enn inn i gangen, om det kom nokre protestar frå ein liten kar som hevdar det er sitt...å det er det jo, men mamma berre låner det...). :-)Tommeltottane fekk den stolte plassen under det utrulig stilige bilete! Litt mandariner som pynt gjer seg bra, og passar jo fortreffelig til biletefargen...

*Til dykk som trudde eg var ferdig med eigne julekort, biletetaking osv: Nei, eg har ikkje starta. Eller jo, bilete tok eg i går, men... Lagar julekort og fotograferar til så mange andre at eg sjølv kjem vel i siste rekkje! :-)

** Utrulig respons på julegåveinnlegget. Den skal trekkast i løpet av veka, men fyrsat må eg laga nesten 400 lappar... :-)

fredag 4. desember 2009

Luke 4: Sandkakeform



Julepynten er ikkje det den eingong var...
Høyres eg ut som ei eldre dame?
:-)
Det er vel slik at verda endrar seg. Nå er det så mykje fint, så mykje fristande! Dermed blir ein del av pynten som eg har kjøpt sidan eg var liten faktisk liggande i julepyntkassane. Eg får jo litt dårlig samvit av det! Litt pga. at eg sidan eg var liten har følt at ting har sjel... Hehehehe, burde vel ikkje skriva slikt i bloggen! Men det er nå slik at eg får vondt av ting som blir stua vekk, nett slik som eg fekk vondt av at eg lekte mindre med dei gamle Barbieane mine når eg fekk ei ny... Jaja... :-)

Desse sandkakeformene er altså nye av året, og utrulig nydelige!
Gler meg til å pynte treet. Dvs. at tre nr 1 er allereie kasta ut pga. ein enorm evne til å drysse... :-)

*Sandkako er kjøpt på frk Lande!

Forventningsfull!



Over 300 stk ynskjer å motta gåve frå BO! Jammen godt at eg ikkje lovte at alle som gav ein kommentar skulle få... :-)
291 kommentar i dette innlegget, nokre i innlegget med tittel "160 stk" + mailar frå folk som ynskjer å motta gåva!

Fredag 4. desember er ikkje over, så dykk har fortsatt ein sjangse å bli med i trekninga. Klikk inn her å gi ein kommentar før midnatt, så er du med i trekninga!

Ei forventningsfull storesøster (på bilete) skal få trekka vinnaren. Spennande! :-)

Lykke til!

*Luke 4 kjem seinare i dag! GOD dag til alle saman!

torsdag 3. desember 2009

Luke 3: Sviblar



Eit lite stemningsbilete, som viser nokre av dei ørten
sviblane som er komme i hus. Eg ligg svært på etterskudd
på julefronten, men kjenner at inspirasjonen er der.
Helga skal bli ei vask og pynte helg!!!
Dermed basta!

onsdag 2. desember 2009

Luke 2: Sweetheart




BO design & foto hadde eit storslått julebord i år, med alle sine tilsette...(meg og min kjære). :-)
Turen gjekk til Bergen by, i ausande regn! Likevel, turen var utrulig kjekke! Barnevakt for fyrste gong på 5 år var både underlig og kjekt. Følte at eg heile tida gløymte noko, ettersom ein er van med å tenka på meir enn seg sjølv.

Vart mange kjekke besøk på snåle (positivt ord på min dialekt) cafe/vinbarar. Artig show med Anne Kat. Besøk i butikkar som eg likar og butikkar som han likar...(Våpensøylen??!!...). Eg er jo alltid innom Birte Bo, som er ein av mine favorittar i sentrum. Denne gongen vart dette S W E E T H E A R T hjarte med meg heim frå Birte Bo -kjøpt i litt sånn "kjæresteparaleinepåtur" rus...

tysdag 1. desember 2009

Luke 1: Kremmerhus




adventskalenderen  
p å   b l o g g e n   e r   i   g a n g .


Eg startar med å visa at julepyntinga er i gang...
iallefall pittelitt...
Adventsstaken er ikkje komme til rette.
Hadde vore så kjekt om dei ørten kassane på loftet hadde gått ned sjølv,
sortert seg sjølv, og deretter plassert seg sjølv...

Men, nydelige skjønne kremmerhus frå Maileg er på plass.
Dei er nye av året, kjøpt på frk. Lande.

Passa så godt til kjøkkentinga våre, syntes eg!

Så nå er me i gang... :-)