måndag 30. november 2009

160 stk



160 stk ynskjer julegåve frå BO!!! :-)

Men...
Det kan fortsatt verta deg.
Eg let nemleg kommentarar fram til fredag 4. des.
få lov til å verta med i julegåvetevlinga.

Berre legg igjen ein kommentar
i dette innlegget.

Ha ein gode dag!
Frost på bakkane...herleg! :-)

laurdag 28. november 2009

Julegåve frå BO til deg?



Hoho!

Ynskjer du deg ei julegåve frå BO?

Etter 450 innlegg, over ein halv million unike treff,
snart desember, utrulige opplevelsar i året som har gått,
spennande jobbprosjekt relatert til bloggen,
samt masse gode ord frå dykk,
feirar eg det med å gi ein av dykk ei gåve!

Legg igjen ein kommentar under dette innlegget, så er du med i trekninga.
Du treng ikkje ha eigen blogg for å verta ein vinnar!

Følg bloggen utover i desember for å sjå om du blir vinnaren!

Som i fjor skal eg prøva å ha adventskalender på bloggen.
Morgondagen må derfor brukast til å ta hauger av bilete,
ettersom jobbedagane er særs travle for tida.

Ha ein knakandes gode kveld!

*Pakken på bilete som storesøster held, kan bli din... :-)




torsdag 26. november 2009

Magasinet





På oppdrag for SKL tok eg julebilete til Magasinet si fyrsteside.
Magasinet har eit opplag på 7500,
og kjem i postkassane her på Stord.
(Vårt blad kom i dag!).

Som dykk ser, så brukte eg våre to små
"julestjerner" som modellar.
Så nå er bestemor, bestefar, farmor og bessen knallkry! :-)

Tok fleire bilete som eg kjem til å bruka i julekorta våre.
Dei skal dykk få sjå ein annan dag!

God jul! :-)



måndag 23. november 2009

Rett Hjem







Eit nytt flott nummer av
er ute nå.

Eg har bidratt med bilete til
"De blå timene",
ein del som handlar om søvn + litt meir.

Viss dykk mottar bladet: Enjoy! :-)

søndag 22. november 2009

Julekortkavalkaden er...


...avslutta!
Men om ikkje så lenge (me kryssar fingrar og tær) så kjem Julekortet anno 2009 på bloggen.
Ha ein god søndagskveld!

laurdag 21. november 2009

Julekort Anno 2008



Julekort anno 2008

Tema: Den vesle fuglen (eventyr)


Fjorårets kort fekk temaet fugl. Kortet hadde ei lita "bok" inne i seg, der mottakaren kunne lesa eventyret om ein fugl spm skada seg, og som våre to små born redda...sjølvsagt var dei to heltane i dramaet! :-)
Kortet vart bretta i fleire omganger, slik at det fekk fleire sider. Eg lagar/produserar desse korta sjølv (for dykk som lurer på dette). Eg brukar papir med vekt på ca. 250 eller 270 gram.
På kortet hekta eg fuglar. Samme problemet som året før, nemleg å få nok fuglar!!!

Fargane haldt eg i jordfarar og bronse/gull. Konvoluttane som dykk ikkje ser her, fekk gullfarge som matcha innhaldet.
Budskapet dette året var som innhaldet; at alle måtte få eit eventyrleg år! Eg håpar det har vore tilfelle!
Ha ein knakandes gode kveld!
* Julebordet vart ein knallsuksess! :-) Nå skal me henta ungane! Me gler oss!!! :-)







torsdag 19. november 2009

Julekort Anno 2007




Julekort anno 2007

Tema: Engler daler ned i skjul...


Me er komme til år 2007! Eit utrulig godt og spennande år for meg! Dette året starta bra, med fødsel (keisersnitt) av vesleguten den 4. januar.
I april starta eg bloggen min (noko eg håpar dykk har satt pris på?). Den har for meg vore ein utrulig positiv døropnar. Bloggen var ein grunn til at eg sa opp jobben min, og starta BO design & foto. Det valget er noko av det tøffaste og beste eg har gjort! Kvar einaste dag så tenker eg på at eg er glad for at eg tok det valget!!!

Det var mange gode englar som støtta meg i denne prosessen, og kanskje det var derfor det vart eit englekort dette året?

Vetlegurio har iallefall fått enda lengre hår på dette kortet :-), men minstemann som allereie er blitt stor gut, er heller hårlaus. Begge to hadde skjønne klede frå MeMini. Kleda var egentlig innpakka som julegåver, men fekk lufta seg litt sånn på førehand... :-)

Fotoseansen vart tatt i grålysingo pga. at eg ville ha frosta bakkar. Han far sjølv var  svært irritert på ho mor, ettersom dette ville føra til sjuke ungar (eller sjuk far? Hmmm...kva er verst? :-))... Jaja, me øvelevde! Ein må li litt for at da skal bli sånn me ser da for oss! Dermed basta!

Ettersom me hadde engletema så måtte eg skaffa englevinger. Eg leverer over 100 kort kvart einaste år, og det var ikkje lett å få tak i vinger. Heldigvis så hadde dei mengder i ein hobbybutikk. Dei korta som vart handlevert hekta eg på knuselige englar som ekstrapynt. Eit slikt fekk sjølvsagt også kongen. Eg reknar med at han har den på nattbordet sitt... :-)

Korta blei levert hekta saman med kvite silkeband, noko som gjorde at mange hengte kortet faktisk på treet! Så kjekt når folk blir glad og set pris på det på ein slik måte!

*I morgon reiser BO design & foto på julebord/hotellweekend.
Barnevakt for fyrste gong på 5 år!!! (Me har jo vore på reis, men ikkje i saman eller utan ungane).
Så nå veit eg ikkje heilt kva eg skal finna på, ettersom dei to små allereie er levert til bestemor og bestefar.
Hmmm...grina eller le? Trur da blir begge deler!








onsdag 18. november 2009

Julekort Anno 2006






Julekort anno 2006


Tema: Pepperkaker

 

Denne jula var mollemor blitt 2 år, og eg var høggravid med veslebror i magen.
Krøllene og håret har merkbart vakse på vesle trulteguri! :-)

Temaet var pepperkaker. Veslemor hadde derfor ein bakeseanse som vart fotografert. Go`jento og pappen trykte ut pepperkaker og steikte, og mammo limte dei på korta.
*Kaka som dykk ser, har hengt på kortet sidan 2006, og har dermed bleikna litt...
hmmm...kanskje time to say goodbye...?

Kortet har 4 sider, og dermed vart det plass til ei pepperkakeoppskrift også.
Om denne er brukande veit eg ingenting om, ettersom at ein kjøper deigen her i huset. Skal sjå på at dei som har brukt oppskrifta fekk vondt i magen...

Nytta meg av posten sin geniale tilbod om eigne frimerker, det året også.
Veldig kjekt for oss som er litt glad i detaljar... :-)

Fargane til dette kortet kom som eit utslag av ei veldig inspirerande framside frå Vakre Hjem.
Diverre fann eg ikkje denne utgåva, men kanskje eg finn det i mitt velholdte arkiv! joooddaaaaa... :)







tysdag 17. november 2009

Julekort Anno 2005




Julekort anno 2005

Tema: Prikkar (om ein kan kalla det eit tema...)

I jula 2005 var jenta vår nett fylt 1 år. Eg blir reint vedmodig når eg ser bileta av ho. Eg må vel sei at eg synes ho var ein utrulig skjønn baby! Vetla mollemoro! Snufsesnufs...

Julekortet var laga med temaet prikkar og englar. Det var ikkje så lett å få tak i prikkete ting i 2005 (berre så det er sagt), men fann prikkete kjole på Name It og nokre prikkete dilldall ting både her og der (Til Bords?).

Englevinger var også eit "must", innkjøpt på Birte Bo av
som har bursdag i dag! 3 x HURRA!!!.

Ispedd litt grafiske prikkar, så vart det klart til avgang med teksten:
Med ynskje om ei "prikkfri" julefeiring!

Diverre finn eg ikkje heile kortet
(vart derfor litt mange bilete her med samme motiv),
men skal heimom til mammo i morgon.
Eg trur ho har litt betre "kortoversikt" enn det eg har...


Men kortet frå 2006 er funne! Det kjem på bloggen i morgon!




måndag 16. november 2009

Julekortkavalkade



Det er tid for julekort, og eg har allereie starta! Hihaaaa...
(Det betyr ikkje at det er noko garanti for at korta kjem til sine mottakarar i dette året...diverre).

Kvart år lagar eg eit kort med eit "tema". På den måten så blir jobben mykje kjekkare, og det blir nesten så ein får lyst til å laga fleire kort. Då blir det "Kill your darlings" med hard hand...

Nå tenkte eg at eg skulle visa dykk korta som me har sendt ut frå vår husstand, år etter år (dvs. sidan 2005). Så viss eg finn desse fordømrade korta som eg veit at eg har spart på til ungane blir store, så kjem julekortet anno 2005 på bloggen i morgon.
Som bildene viser så har eg brukt den siste timen på julekortjakt i staden for å gjera det eg skal i arbeidstida. Temperaturen er derfor litt amper og høg... 
Heldigvis så er sjefen grådig greie... :-)




søndag 15. november 2009

Innehelg



Helga har vore god, med mykje levande lys inne, og dårlig ver ute. Herlig!
Viser herved ubehandla og ublogifiserte bilete. Ingenting på stell, men herlig haust der mørket ute gjer at livet innandørs er godt!
*Kremmerhus på rekkje har fått besøk av ei fuglerekkje som ein gong skulle ut, men av ein eller annan merkelig grunn er blitt hengande. Godt å ta bilete av ting, slik at ein SER dei!
God natt, og god veke!

laurdag 14. november 2009

Kos


Herlig med helg. FRIHELG! :-)
"Burde, burde, skulle, skulle", er erstatta med koooooos...
Nyt helgo! Kos dåke heile gjengen!

onsdag 11. november 2009

Feeling blue




Avsluttar dagen med nokre bilete frå kjøkkenet vårt.
Eller kanskje rettare sagt frå kjøleskapet vårt?
Hortensiaen i mugga, har fått lov til å overvintra, dog i tørka tilstand.
Så fine blå valørar i den, synes jo eg "som elskar alt det blåe..."
(og så fekk eg den songen på hjernen).
Den kviteTolix krakken har fått seg ein tvillingbror eller søster.
Treng ikkje lenger reisa langt for å kjøpa krakkar og stolar nå,
dei får du nemleg her.


God natt!
Zzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzz...

tysdag 10. november 2009

Jordfargar





Herlig å ta bilete ute nå, om det blir tidlig mørkt.
Deilige jordfargar og eit litt spesielt lys gjer fotograferinga spennande!

Desse to nydelige små passa rett inn i fargane!
Sant dei er skjønne!?

Ha ein kjekke dag!
Nå må eg gjera meg klar for fotografering...
ute!
:-)