mandag 31. august 2009

Jordbærpiken


Dette innlegget er ein hyllest til min gode nabo
som lagar verdens beste

jordbærsyltetøy!

At me mindre husmoraktige naboar
får smaka litt av dette vidunderet,
det er rett og slett fabelaktig!!!

Syltetøyet er faktisk så godt, at i går så byrja
mollemor å grina i redsle for at me var tom!
:-)

Dette innlegget kan nok reknast som reinspikka smisk,
men eg har sagt det mange gonger:
DU må selga dette syltetøyet! Du kan bli rik!


Ha ein gode dag!




søndag 30. august 2009

Me bruka BRUKA


Til søndagsfrukosten.





Til laurdagsgodt.




Til popcornkos.



Me bruka BRUKAdesign
også til mange andre etegilder.
"Serviset" har jo det meste av tekstar på seg,
som chips, potatis eller salat...
(til opplysning: eg ynskjer meg den med saft på).

Dei velkjente Brukaskålene mine er ofte framme i bruk.
Det fine med dei er at dei er litt enkle i forma,
samstundes som dei passar i lag med andre fat og skåler.

Egentlig ei ypperleg julegåve!
*Eg må jo seia det, ettersom eg gav slike i julegåve til nokre veninner i fjor...
Dei sa iallefall at dei vart glad, og då stolar eg på det!
:-)


Skålene mine er kjøpt ulike stader, og mugga hugsar eg faktisk ikkje kor eg kjøpte!?
Chips, godis osv. kjøpte eg for lenge sidan på Room 4 more,
mens sistemann i familen, popcornskåla,
kjøpte eg nå nyleg på frk. Lande.
(Der var det komme MASSE nytt i dette merket...sikle...)

For endeleg så har BRUKAdesign landa på Stord.

Me bur jo nemleg i ein by!!!

:-)

lørdag 29. august 2009

Best for Birds



Best for Birds
gjeld sikkert også for dei i plast, stoff og porselen...!?


Fuglekassa fall eg pladask for ein dag eg suste forbi
butikken Kvist og Kvast. Den måtte jo bli mi!

Nå heng den på vesleguten sin vegg. Sjølvsagt på grunn av at det er mykje fuglar på akkuratt dette rommet...
Fuglen som eg har tillatt å overvintra er svært rolig, samarbeidsvillig og grei.
Her er han i eit anna oppdrag (du ser han kanskje...)! :-)

I dag har me hatt ein veldig fin familiedag, med vasking av klede
(eg ser lyset -og det er kjekt)
og deilig lunch på koselige Bruncheriet med to kjekke vener!
Likevel...

fredag 28. august 2009

Eit lite lys

I kveld har me tent eit lite lys,
for vesle Wilma.
Varme tankar til snille Mali-mo
og din familie.

For SALE


Nå er dette huset til salgs!
Fyrste visning på mandag.

Er det nokon som er på husjakt på Stord,

er dette eit veldig bra kjøp.




Noko heilt anna:

I dag opnar Pihls Paradis på Paradis, Bergen.

Veldig flott livsstilsbutikk!!!
Vel verdt eit laurdagsbesøk der du også kan stikke innom Colonialen...nam...

:-)

onsdag 26. august 2009

Røvarkjøp!


Hadde ein veldig kjekk Bergenstur i går, der arbeid og moro gjekk hand i hand!
Kjekt oppdrag med veldig kjekt følge!
Etterpå var eg på handletur i byn.
Var på mine ynglingar i Bergen by, Min Engel, Birte Bo m. fleire.
Diverre oppdaga eg at butikken Mint rett bak strandkaiterminalen skulle leggast ned
-rett og slett trist.
Men så er det jo noko med andres død...blabla...
-for der i opphørssalget gjorde eg eit kupp!
Eit regelrett Røvarkjøp!
BTC lampe nedsatt frå 3500,- kr til kr. 500,- er vell berre heilt fantastisk!

:-)
Sånt gjere oss bønder på bytur veldig glad...

mandag 24. august 2009

Påminning


Dette innlegget er ei påminning for meg sjølv (hmm-kanskje også til min kjære?) om at det faktisk er lurt å ta inn hagemøblar, puter, korger nå når hausten slår til! Det er sikkert også veldig lurt å ta inn putene kvar kveld ettersom det regnar av og til her på vestlandet. Likevel, me byrjar forsiktig med å ta dei inn (kor inn? Huset og garagen står på spreng!) ein gong i året, helst i desse dagar. Iallefall det som ikkje er øydelagt. På førehand
takk...
Her er korga vist den 7. juni 2007 i dette innlegget. Etter det så har den vel blitt hengande...

søndag 23. august 2009

ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ...




Viss nokon var i tvil om alfabetet, så vart dette ei oppfrisking...
Nå vart eg litt nervøs å måtte lesa tittelen eit par gonger, i tilfelle eg hadde gløymt nokre bokstavar! :-D


Til neste år har me allereie skulejenta(!). Skrekk og gru, korleis tida går! Ho er veldig opptatt av bokstavar og lesing, noko bestemor hadde fått med seg. Bestemor kjøper derfor sjølvsagt dette magnetalfabetet som dykk ser her. Frøken Fryd blir kjempeglad! Mor blir veldig glad, inntil bokstavjento finn den ultimate plassen for opphenging (etter prøving på lyseblått kjøleskap, der dei datt rett i dass -takk SMEG!)...nemleg steikeovnen (denne også SMEG, men kan ikkje vera heldig to gonger på rad).


For: Veldig kjekt det, seier den fornuftige Bodil. Lærerikt! Flott! Ingen tvil om det, men...på den andre skuldra sit ein annan Bodil, nemleg fargekoordinator Bodil. Fargekoordinator Bodil kjenner seg fysisk dårlig når ikkje fargar passar saman. Desse bokstavane passar ikkje inn på kjøkkenet vårt. Kanskje i eit anna rom, men ikkje her!Denne Bodil fattar heller ikkje at det ikkje går an å produsera desse bokstavane i andre fargar? Har ikkje denne kombinasjonen eksistert sidan tidenes morgon? Fornuftige Bodil slår den fargegale Bodil i hovudet, og fargeBodil slår sterkt tilbake!
(Hmmm-kjem nok til å bli kontakta av nokon som vil gi meg ein diagnose etter dette innlegget).

Kven vinn/vann: Bokstavane heng enda, da er ikkje så nøye...
Hmmm...litt i tvil om eg var heilt ærlig der :-).

lørdag 22. august 2009

Min nye benk



...og pittelitt andre godsaker!
Kjøpte denne fine benken hos frk. Lande i går
(kjøpte noko anna knallfint og, men da skal eg visa i eige innlegg
-kom nesten i julastemning!!!).
:-)
Benken er av merket House Doctor.
Kjøpte to stolar til, men dei ligg visst enda i bilen...
hadde vore så greitt om dei gjekk inn sjølv?!
Benken er innkjøpt med tanke på bryllaupsfotografering,
og faktisk allereie i dag satt ei vakker brud på den!
Lykta på bilete fekk eg hos mamma og pappa til bursdagen min.
Konvolutten som var oppi er vekk, og innhaldet i konvolutten er long gone...
Lykta er kjøpt på Sæbøvik Gåver og Leiker på Halsnøy.
(Nå er dei tøttene som jobbar der på messa, og eg gler meg til å sjå kva dei tek inn i butikken!).
Fatet fekk ei av kjekke veninna som er så dum at ho skal flytta.
Skrekkelig dumme altså! :-)
Om fatet var ei gåve, så veit eg at den også er kjøpt på frk. Lande!!!
For, Putti: Eg kan jo ikkje lukka augo når du handlar!
Grøn krans hugsar eg ikkje kor eg har kjøpt.
Blomsterpottene kjem frå Haugesund, butikken INdesign,
og kvitvatnkanne er også kjøpt på frk. Lande.
GOD LAURDAG!!!
:-)

fredag 21. august 2009

Brud i regn



Det drømmer et regn mot ruten,
en stille, unnselig larm
av vannet som varsomt lister
seg ned langs min vinduskarm.
Det er ikkje alltid sol når ein giftar seg,
men svært ofte regn.
Denne vakre bruda opplevde masse regn i sløret,
som vil sei masse
lykke!
:-)

torsdag 20. august 2009

Hus til salgs!

Bilde i frå eit hus som kjem til salgs på Stord!
Mine kule, gule Tolix krakkar, men ikkje mitt hus!
Løp å kjøp...
:-)

tirsdag 18. august 2009

Burleigh



Det er Den gode feen som er Burleigh dronninga :-), men eg har jo nokre eksemplar av arten eg og. Eg fell som eg har gjort heile livet mitt (heilt sant) alltid for dei blå valørane! Når eg er innom Room4More så kjøper eg som regel ei skål eller ein kopp, ettersom denne butikken har gode prisar på denne nydelige blå Burleigh merket/serien.


I går når eg fotograferte det nye blandebatteriet vårt, så tok eg bilete av desse to skålene som kom i huset ein gong i løpet av sommaren. Fargen gjer meg glad!

mandag 17. august 2009

Nytt blandebatteri



Endeleg har han far fått montert det nye blandebatteriet til kjøkkenvasken vår. Kjøkkenet vårt er jo ikkje så veldig gammalt, men så stor vask krev eit større batteri. Det rådet fekk eg når me kjøpte kjøkkenet, og det rådet burde eg ha fylgt! :-)
Blandebatteriet er kjøpt på IKEA.

onsdag 12. august 2009

Tradisjon



Tradisjonen tru så er det stampebading når me er på hytta. Tradisjonen tru så viser eg bilete til dykk som er innom bloggen min... Det er noko med det å fotografera i vatn. Det er så fasinerande og kjekt!
Bilete viser ikkje alltid sanninga. (Det veit eg alt om -heheehehe). Synes at desse bileta viser ein ro og harmoni så får meg til å undra om det er vår stamp? Harmoni -jo så absolutt! Nydeleg plass og utsikt -JA! Fred og ro...hmmm....det er her eg byrjar å stussa. Alvorlege ungar -å nei du. Ingen skvetting? Ingen plask, splash, hipp og hoi? Ingen plastleiker i ørten ulike fargar? Hmmm... :-)
Fortsatt god veke!

tirsdag 11. august 2009

Simple living


Ekte simple living må vera stølslivet! Kaffivatn henta i bekken og kokt i panne, oppvasken i stamp utandørs, parafinlampe som kveldsljos, molter og blåbær som snacks, tante sine orange heklegrytekluter i bruk, polarbrød til frukost og sauer som husdyr...
Samt raudvin, ost og kjeks (grove knekkebrød med krydderost) med husbonden ved stølsveggen i solnedgong... :-)

Om det ser beint ut som om me har sendt minstemann til støls aleine på desse bileta, så er nok ikkje det tilfelle. Med si intense redsle for sau så ville det vore ei litt for sterk oppleving ...
Ha ein kjekke kveld!
P.S: Me er nå komme eit hakk nærare sivilisasjonen, til hytta!

fredag 7. august 2009

Søskenbarn

Når bror min var heime med sin famile frå Nederland,
bestilte bestemor (mammo mi) bilete av sine fire små lykketroll.
På Halsnøy Kloster fotograferte eg dei små trollungane, som
kommuniserar svært bra, om to av dei snakkar nederlansk.
(Fy skam til pappen som ikkje lærar dei farsmålet...).
Skjønne er dei alle fire!!! :-)
Me lekte spøkelser (bilete nr. 2) inne i ruinane, plukka ville bringebær,
vassa og plukka blomster.
Om dette høyres idyllisk ut, så må det seiast at to stk fedre var totalt
utslitne etter seansen grunna fire stk skjønne (javisst), men også fire stk svært
viljesterke unge menneske!
Hjelpemeg kor godt at det ikkje er lyd på bileta... :-)

God fredag til alle!