onsdag 22. juli 2009

onsdag 15. juli 2009

Mjau

Farmor sin katt ville også på bloggen!
...men ingen katt er betre enn kjære
Peder Ansgar Bertil Olai,
min barndomskatt.
Han hadde fortjent eit bilete her inne på bloggen.
Kvil i fred, kjære Peder!
:-)
*Eg smiler litt med tanke på reaksjonane frå den gode feen...katteelskaren!

tysdag 14. juli 2009

Wedding week: Forlovarar!



Wedding week er vel over, men kjeme med små drypp likevel!
Har fått så mange kjekke tilbakemeldingar frå vordande bruder om
at dette er veldig kjekk inspirasjon. Viss det gledar andre, så synes
jo eg at det er ekstra kjekt!
Her er bilete frå tre ulike bryllaup.
Brudepar og forlovarar!
Ofte synes eg at denne delen av fotograferinga blir ein
"pust i bakken", der brudeparet får litt å drikka og me
har det løye. Rett og slett bilete der me kan tulla litt!
:-)
Ser at trenda blir fleire forlovarar pr. person.
Eg trur eg måtte hatt 5!!!

måndag 13. juli 2009

Mandag



Sist veke ville eg ta nokre bilete av våre to små, ein plass der eg har fotografert mange ungar før. Må sei at fotograferinga som eg tenkte skulle ta iallefall ein halvtime, varte i knappe 10 minutt. Frøken Dings hadde skrekkelig lyst å bada, og pressa derfor fram eit veldig naturlig smil...for så å ta vesle Papegøyen vår med
seg i retning stranda. Ettersom mor og far lidde av heteslag så protesterte me ikkje så veldig mykje...
Ha ein god mandag, med eller utan heteslag!

søndag 12. juli 2009

Wedding weekend: Blomar

Var ikkje denne blomepynten
(kva i all verda heiter det?)
til brudgommen heilt skjønn!?
Øverste bilete er
ein liten flik av
buketten.
Ha ein god søndag!

Burde vist MANGE bukettar for inspirasjon

til vordande brudepar!

Det får bli i eit anna innlegg.

:-)





laurdag 11. juli 2009

Wedding weekend: Dra til sjøs!


Wedding week er blitt wedding weekend!
Dra til sjøs for ein vakker kjole!
Har ikkje spurt om lov av dette skjønne paret å
leggja ut bilete, så nå gjere eg ei synd!
Håpar eg blir tilgitt!

Ha ein god laurdagskveld!

fredag 10. juli 2009

torsdag 9. juli 2009

Wedding week: Art


Regn
på nygifte betyr lukke.
Lukka
ligg i dråper på denne vakre bruda sin rygg.
Bryllaupsbileta er blitt som små kunstkort.
Wedding week, to be continued...

onsdag 8. juli 2009

Wedding week: Kjærleik


har starta!
Eg startar med å visa nokre
bilete av brudeparet
eg fotograferte sist laurdag.
Det øverste bilete likar eg så godt!
Eg synes det osar av kjensler og kjærleik.
*
Kjærleik
er derfor dagens ord!
Vis den du sa ja til,
at du elskar!
:-)

tysdag 7. juli 2009

Wedding week

Denne veka jobbar eg for fullt med bilete-
redigering av tusenvis av bryllaupsfoto.
Litt av ein jobb, men kjekt!
(Å så blir nok mange spente brudepar glade
når dei hentar posten sin...) :-)

Dermed blir det ein del bryllaupsbilete her på bloggen min.
Eg kallar det
Wedding week!

Denne nydelige brura fotograferte eg på laurdag.
Himmelsk vakker!
Gled dykk, det kjem fleire bilete...



Vår helg

Vår helg bestod av dette. Farmor si strand. Grilling i fjæra. Bading og kos.
Å så kom regnet...


laurdag 4. juli 2009

Tid


Tid
for tanke og refleksjon treng både ung og gammal.
Eg undrar ofte kva som opptek tida,tankane,
draumane til ei jente på 4 og eit halvt år.
Eg håpar at barnesinnet hennar varer lenge.
Eg håpar at borna våre slepp å kjenna til all urett,
sorg og svik som diverre er ein del av livet.
Eg ynskjer at me vaksne kunne verna
borna våre for all tid...

fredag 3. juli 2009

Koppebrett?


I går var det nattope med mange gode tilbod. Eg kjøpte meg dette brettet på frk. Lande som sikkert kan nyttast til mangt, men som eg syntes passa som eit "koppebrett".

Lett å bera inn og ut haugar av koppar og glas nå...hmm det får meg til å tenka på at brettet med alle koppane faktisk har stått ute i natt...i lag med haugevis av puter, klede og leiker. Kunne det ikkje berre gått inn sjølv?
Ha ein flott sommardag!

torsdag 2. juli 2009

In love


Mammo er rett og slett forelska i denne vesle karen! Nyklipt og god! Han vart så "stooor gutt" etter at mammo tok fram saks og maskin og klipte han. Smask!
Litt forelska i deg og papsen... :-)

onsdag 1. juli 2009

Knip!

Eg leita etter eit bilde i gamle filer i dag, og kom over dette av trultemoro vår. Åååå koss eg kjenne at eg får lyst å bita og knipa i dei kjakane! (Ikkje sånn at da gjere vondt altså -berre nesten :-)).

Ha ein god dag!