torsdag 30. april 2009

Bryllaupssesongen har starta!

Mitt fyrste "sommarbryllaup" i år! Flott par! Fantastisk vakker brud, med eit nydelig smil. Masse sol denne dagen, men fekk heldigvis brukt sola på ein kjekke og positiv måte! (Ikkje alltid me fotografar likar sol...sol = svarte skyggar-skrekk og gru!).

Veldig kjekt å fotografera, når motiva dukkar opp framfor nasa di! Den vesle brudepiken er eit slikt bilete som ikkje er regissert. Ho stod i døra å såg etter bruda! Her er bilen komme, og ho var så spent!


Om fotografen vart rørt...åjoda, måtte hiksta litt denne gongen og! Trur eg byrjar å bli gammal... Å godt er det. Alternativet synes eg ikkje er så lystig.

Gode dagen :-)
P.S: Må få gratulera ein kjekke kar som giftar seg i dag med sin store kjærleik! Gratulera!

tysdag 28. april 2009

Fuglehus

I dag vakna eg av ein eller annan morgonfugl (måse/kråka) som gjekk til angrep på noko utanfor vindauga vårt. Til dette fugle(u)dyret som vekte meg, så vil eg seia: Dette skjønne isblå/grøne herberget er ikkje ope for deg!

Fuglehuset som kun passar for kjekke og veloppdragne fuglar er på veg ut i hagen, men står fortsatt inne. Fekk den av mi kjære mor etter denne handleturen. Ho kjøpte det egentleg i gåve til nokon andre, men så fann ho ut at ein "kanvelikkjegivekkeitsåntfuglahus...eller?". Jo, sjølvsagt kan ein da. Knallfint er da! Men da er jo ikkje meg i mot å vera ein sånn "avfallsentral?". Kjære mammo mi, eg tek gjerne i mot fleire bomkjøp... :-)

Ha ein gode dag! I morgon reise eg til Bergen med GPS`n klar! Eg gler meg! :-)

søndag 26. april 2009

VÅR dag


Da er vår! Da er varmt! Da er sol! Da er bakkar fulle av kvitveis! Da er grilling! Da er søndag. Da er travelt...

For når da er rolig på bloggen min, så er det travle tider! Og det er jo kjekt! :-)
Mykje av jobbane er "utomhus", dvs. oppdrag ute og møter både her og der! Når eg susar rundt i min gullbil, med GPS`n som følge, så må diverre bloggen lida...!

I dag har både gullbil og eg tatt litt fri, og me for til skogs. Nydelige tepper med kvitveis over alt! Så fantastisk fint!!!
Ha ein fin søndagskveld! Her er det konfirmasjonstakkekortjobbing!!!

torsdag 16. april 2009

Aker Solutions

I desse Aker Solutions tider, så må eg visa nokre av ein lang serie bilete, eg tok på oppdrag for førstnevnte. Dette er ikkje modellar, men utrulig kjekke og tøffe lærlingar på Aker Solutions Stord. Bileta pryder plakatar, roll-ups og anna promoteringsmateriell for bedrifta. Så er du i tvil kor du skal senda poden som lærling, så får eg jo anbefala, ja nettopp Aker Solutions Stord... :-) Gå også inn på www.notteknekker.no


Snart skal eg i gang med nye prosjekt for denne bedrifta -eg gler meg! :-)

tysdag 14. april 2009

Bye, bye påske

Så var påska over for denne gong. Farvel til fridagar, bustehår, hyttetur, snø, plaskeregn og stampebad. Også farvel til kyllingar i alle tenkelige og utenkelege variantar. Ikkje alle har vore like heldige under utklekkinga...
Som frøken Dings sa, (når eg skrytte svært over kyllingen minstemann hadde laga), "...an såg nå litt stygg ut og!".
God veka og herlig påskefri sone!

måndag 6. april 2009

RockeBillyBoogie


Tøffen Dask har mista krøllene sine og blitt stor, liten gut! Mammo sin pus!!!
Storesøster og miniputten rockar påsko i møte! Fin dag til alle saman!

søndag 5. april 2009

Innlegg nr. 300

Innlegg nr. 300 handler om interiør!!! Endelig seier vel nokon nå... ;-)
(Viss eit skarve sengesett går under interiør...).

Når det er travle tider jobbemessig med mykje møter og reiser, så blir det både mindre interiør og blogging. Sit nemleg ikkje på kontorpulten, men bak kamera, bak rattet eller rundt eit bord med nye og gamle kjekke kundar. Må jo berre vera audmjuk og takksam for at det er travelt, om det blir litt færre drypp til dykk!

Men nokre reiser fører meg til interiørland, og det fins på Nesttun...hahahaha :-) Etter ein utrulig kjekk ny fotosession på torsdag, for bladet Rett Hjem, fekk eg på heimvegen anledning å stoppa på Nesttun. Her fins det mange kjekke interiørbutikkar, som eg har fått kjennskap til gjennom Rett Hjem og jungeltelegrafen. (Skal visa fleire kjøp ein annan dag!).

På butikken Mitt Rom kjøpte eg nytt sengesett til minsten, av merket Sebra. Av og til er det kun noko slikt lite som skal til for at ein får ånda over seg, og ein røskar opp i interiøret. Rommet til minstemann vart iallefall endevendt! (Skal ikkje så mykje til på dei få kvaderata han er utdelt...stakkars pusen...). Ein god gammaldags spring-cleaning vart det!

Skal visa fleire bilete når alt er på plass. Aberet nå er jo at eg kunne tenkt meg å handla litt meir ting og tang... Men heldigvis så skal me som bur på Stord sleppa å reisa heilt til Nesttun snart for å handla kjekt interiør... Endeleg!!!
DA skal dåke få høyra meir om -eg skamgler meg!!! :-)

P.S: Ang. sengekleda så vart guten SÅ glad, og sov frå kl. 19.00 i går til kl. 08.45 i dag... Sånt gjere mammer og pappaer glade på ein søndag! :-)

onsdag 1. april 2009

Snart påske

Da er snart påske, og inni meg kvernar fortsatt tanken "jula varer heilt til påske". Oppdaga i dag litt anonym julepynt... Dei resterande julekorta? Huff ikkje nevn da. Ingen aprilspøk dette...

Skal eg då fram med påskepynten? Påskekort? Neppe! Det blir vel heller dårlig med påskepynting her i denne heimen. Men nokre kvister skal nok komma i hus, og sjølvsagt påskeegg til ungar, far og mor (om påskeharen hugsar sistnevnte er heller litt usikkert...). Og nokre gule detaljar.


Bileta viser påska her i fjor, og tenker med meg sjølv at dette skal me klara i år også! Me legge listo lavt, dvs. passelig. :-)


Ha ei god førpåsketid!?



English: Soon Easter! :-)