måndag 30. mars 2009

Arbeidsglede!


Denne kjekke gjengen tok eg bilete av på oppdrag av eit byrå, her på Stord. For denne bedrifta, SUNN HMS, står arbeidsglede i sentrum for deira profil. Det er noko eg synes er svært viktig, og jammen var det ei gleda å fotografera dei!
Mitt favorittmotto kjem frå nokon som absolutt har forstått dette med koblinga arbeid og glede. Stig og Stein AS blei starta i 1994, og har dette mottoet:
«Når vi ler tjener vi penger».
Så sant, så sant seie eg, og ler godt... :-)

Litt fakta om humor, glede og arbeid:

1. Tøys og tull løser opp stivhet
2. Ansatte kan le seg friske: reduserer sykefravær
3. Reduserer turnover: en glad medarbeider sier ikke opp
4. Humor løser opp konflikter og smører kommunikasjonen
5. Piffer opp kreativiteten og prestasjoner
6. Øker trivsel og lønnsomhet

Ha ein lattermild dag! :-)

fredag 27. mars 2009

God helg!


God helg til alle saman!

Her er ein sommarbukett i frå i fjor. Bilete vart tatt i fjor altså...

onsdag 25. mars 2009

Sol.no

Bloggen min er anbefalt på SOL. Kjekt! :-) Ha ein fine dag, alle saman!
P.S: Kjære SOL, eg er ikkje i frå Bergen... Og pops så var da retta! Tusen takk, Concylie! :-)



tysdag 24. mars 2009

Gallerirunden


Eg vil oppfordra dykk alle til å ta ein gallerirunde, for kreativ inspirasjon og glede (av og til frustrasjon!). Her er utstillingar som er eller kjem i mitt nærmiljø. Den øverste på Galleri Giga, avsluttar i morgon, så spring viss dykk vil sjå den. Eg likte den kjempegodt! Anbefalast!!!
English: Spring exhibitions at Stord and Rosendal. Posters designed by BO design & foto.



Roll-Up

I forrige veke designa og leverte eg roll-upar til SNU, til bruk i Trondheim for å "snu" ungdommen heim igjen. Roll-up`ane er lette å bera, og har stilig fotdesign. Blir levert med vesker/etui!
Kjekt å ha til messer og på forelesingar! Løp å kjøp hos BO design & foto... :-)

søndag 22. mars 2009

Og tulipanar til kvelds...


Viss dykk får ei kjensle av at me kun et blomar, så får eg berre sei: Ja, hadde det vore så vel! Vart litt imponert over at kveldsmåltiet vårt, faktisk matcha i fargar. Tulipanbuketten stod riktig godt til knekkebrødpakken. Den vart kjøpt kun på grunn av godt og tiltrekkande design. Viss dykk trur at eg kjøper kun mat innpakka med stil og eleganse (hahaha), så seier eg: Ja, hadde det vore så vel!
Pukka teen som vart innkjøpt i går, på MollyMo (Heiane Storsenter), matcha også. At eg då, som er svært lite glad i lakris og kokos, kjøpte den teen som innehaldt (ja, sjølvsagt) lakris og kokos...må nok kallast ein bommert. Ein får ta ansvar for eigne handlingar, men eg trur eg skylder dette (for meg) dårlige valget på min handlepartnar, Fru. Putti! :-)
Gode søndagskvelden til dykk alle!

English: Flowers for breakfast and supper! :-)



Ranunklar til frukost


Dette fatet med ranunklar stod å vippa så fint på sjeselongen, då eg kom inn i stova i dag tidleg. Så i dag vart det fotografering av ranunklar i morgonlyset i staden for frukost. Nå nærmar me oss lunchtid, og frukosten er fortsatt ikkje komme på bordet... (Ungane har sjølvsagt ete, og ettersom dei var usedvanleg tidlige i dag, så synes dei vel det snart må bli middag!). Blandingsbuketten kjøpte eg på torsdag, og nyter den kvar dag. Håpar den held til påske... :-)
God søndag!

laurdag 21. mars 2009

vårIRIS

Tok dette bildet ved å stikka kameraet ned i beddet vårt utan å sjå inn i "luka". Skulle springa i eit ærend å hadde ikkje tid til å legga meg ned for å zooma inn den einslige blomen. Trur eg skal gjera det fleire gonger, for dette bilete likte eg så godt! Irisen ser ut som ein fugl, laga av silke og fløyel!? :-)
God laurdag!

torsdag 19. mars 2009

I kjøkkenteneste!


Har allerede mottatt ein mail med spørsmål om kor eg har kjøpt diverse som viser på bileta i artikkelen om kjøkkenet mitt i Vakre Hjem & Interiør.

Bestemte meg derfor for å laga ei oversikt, eller liste, slik at eg deler den informasjonen med dykk alle!


Nå virkar eg sikkert litt snill, men dette er reinspikka latskap frå mi side! :-) -Da er lettare å skriva det ein gong enn å besvara MANGE mailar. For eg får ein del mailar frå dykk der ute. Til det vil eg seia: Tusen takk !
Samstundes vil eg seia tusen takk for alle dei kjekke kommentarane eg får! Eg blir faktisk VELDIG glad for ros! Kjempeglad! Så husk å ros nokon der ute i dag, sånn at mange får ein eineståande dag! :-)


Opplysningsliste:
  • Kjøkkeninnredning: IKEA -Lidingö
  • Vask, blandebatteri: IKEA. (Blandebatteriet er me ikkje heilt fornøyde med. Ein så stor vask krev ein anna/større/lengre sprut!!!
  • Bord: Handmade with love (hahaha) av min kjære mann. Takk til Tofte`s Sag og Snikkeri!
  • Benk: Kjøpt på Sæbøvik Gåver & Leiker.
  • Stolar: Arv etter bestemor og bestefar på Halsnøy. Har hatt stolane sidan eg var 17 år.
  • Kjøleskap: SMEG. Kjøpt på Rikall Norge i Salhusveien, Bergen.
  • Micro, komfyr og induksjonstopp: SMEG dette og. Alt kjøpt på Rikall Norge . Induksjonstoppen sprakk, så ikkje så veldig fornøyd med den...
  • Benkeplater: IKEA. Den er kvit, og eg er veldig glad me valgte den!
  • Lysekrone: Sæbøvik Gåver & Leiker. Ser at dei hadde nett lik på tilbud der nå, for kr. 1398,-. Løp å kjøp!!!
  • Vitrineskap: Kjøpt for konfirmasjonspengane mine i 1814!
  • Keramikkfat på vegg og vase: Frå Sarah Reed, kjøpt på Galleri Giga.
  • Eggeglas på bordet: Fått av Molly`s Heaven. Tusen takk!
  • Stort fat på bordet: Kjøpt på Sæbøvik Gåver & Leiker.
  • Sitteputer i benk: Frå Baronessa på Husnes Storsenter! Hei Annvor! :-)
  • Tallerkenhylle: Kjøpt på Sæbøvik Gåver & Leiker.
  • Handtak: IKEA.
  • Stettefat til oljer og krydder: Riviera Maison, Rotterdam.
  • Stripete oppslagtavle: Frå Molly`s Heaven. Merke House Doctor (trur eg).
  • Greengate mugger og boks: Kjøpt på ein av mine favorittar i Bergen, Birte Bo. Boksane og eine mugga er faktisk gåver frå Den gode feen, som også er glad i Birte Bo og kjøpte det der! :-)
  • Barneservice: Mitt frå eg var liten...
  • Barnekrok: Kvite stolar og bord frå IKEA (malt frå trekvit). Leikekasse, krakk og stol (SIA-produkter) alt kjøpt på Sæbøvik Gåver & Leiker. Kvit dokkestol: Fått av snille Lena og gjengen -kjøpt?
  • Sølv: Arv og gåver. (Til alle innbruddstjuvar: Me har ikkje mykje sølv!).
  • Bilete på vegg: Alle foto BO design & foto.
  • Puffaris krukker: Jo sjølvsagt...Sæbøvik Gåver & Leiker :-)
  • Målemugger (som dykk ser på desse bileta): Stemning i Rosendal!

Puhhh...Trur da var alt!!!


Alle bileta her i dag er frå kjøkkenet mitt. Dei blir eit supplement til artikkelen som dykk kan sjå, ved å kjøpa siste utgåve av Vakre Hjem...MARSutgåva, mamma!


Ha ein strålandes dag!!!

onsdag 18. mars 2009

Kjøkken på trykk i Vakre Hjem

I dag kom tre eksemplar av Vakre Hjem & Interiør heim til meg, tilsendt frå VHI. Litt sånn skummelt å kikka gjennom bladet, men også litt spennande. Bileta vart tatt i juni i fjor, så mykje har jo skjedd på dette kjøkkenet sidan då. Men, men...

Det er ikkje berre mitt kjøkken som er i bladet, men også Annettes Hus, som har denne bloggen. Så då er det altså to stk frå blogglandia som er på trykk! Det er jo gøy! :-)

Så viss dåke vil sjå meir, så løp å kjøp. Bladet kjem i butikkane i morgon!

Ha ein fin dag! Nå skal eg setta meg ned å sjå gjennom bladet fra byrjing til slutt...

tysdag 17. mars 2009

Det er vår!

Det er vår ute med frisk luft og skjønne krokusar i overgrodde bedd. Men jammen er det vår i butikkane også... Fristelsane er forbaska store!!! Dette nettet/veska vart iallefall med meg heim etter handel på "gaveåleke" (som me innfødde seie), når eg var heima på Halsnøy i sist veke. Her er link til butikken.

Heldigvis hadde eg mammo mi med meg på ein av dei ørten turane eg var innom (måtte jo innom tre gonger på ein dag for å vera sikker på å få med meg alt nytt!!!). Mammo mi er veldig snill, det er sikkert.
Og då dryppe da jo noko på meg og då... men det får eg visa ein annan dag! :-)

Støvlane på bildet er kjøpt hos ein kjekke kunde av meg, MollyMo (butikk på Heiane Storsenter). Det er Ilse Jacobsen støvlar i barnestr. og frøken dings er eigaren. At støvlane er eit par hakk for store, gjer at ho mor døyver samvitet i forhold til pris, med tanke på at frøkno kan ha støvlane til ho er konfirmant...
Det siste var tull, i tilfelle nokon tek meg heilt på alvor! :-) Støvlane var nemleg på tilbod!!! Å tilbod, DA likar me!

laurdag 14. mars 2009

Vinterbryllaup ♥



♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥

På sjølvaste Valentinesdagen, laurdag 14. februar, var me i bryllaup. Det var ein kjempekjekke dag, der eg var gjest og fotograf. Me byrja fotograferinga då bruda vart pynta, og kjolen hang på vent. Tema for dagen var små kjærleiksenglar og ♥hjarte♥, ettersom bruda vart fridd til på Valentinesdagen -08 av ein oppfinnsam mann, og bryllaupet stod på Valentinesdagen -09. Må sei at nokre menn fortsatt er romantiske...eller? Bryllaupsfargane var kvit (heldigvis så slo kong vinter til med snødekte bakkar) og kjærleiksfargen raud.
Eg fekk oppdraget med å laga invitasjonar (fann ikkje den akkuratt nå, men kan visa den i ein annan samanheng), og songhefte (sjå bilete). Fotograferinga var mi (vår) bryllaupsgåve til det lukkelege paret. Så får me håpa at dei er glade også etter at dei har sett bileta...
Må seiast at bryllaupsfesten var utrulig kjekke! Eit skikkelig raust, solid, rørande og tradisjonrikt bryllaup, med overraskingar. Eg kjeme aldri over den kako... :-)
Ha ein romantisk laurdagskveld! :-)
♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥♥

torsdag 12. mars 2009

Snøklokker


Eg samlar på snøklokker... Eg samlar iallefall til ein større bukett! Desse tre er komme i hus, ein etter ein. To stk i frå ei lita nabojenta, og ein i frå mi eiga jenta, fordelt på tre dagar! Ser heldigvis at blomsterjentene let stilken få lov til å behalda litt lengde, om dei tre snøklokkene har vore litt skadeskutte ved avlevering.

onsdag 11. mars 2009

Snart


...kjem denne utgåva av Vakre Hjem & Interiør. Der kan dykk sjå bilete i frå kjøkkenet vårt, fotografert av meg sjølv. Reportasjen er på 7 sider. Bladet kjem i butikkane den 19. mars. Så då må eg vel seia: gled dykk!? Eller kanskje ikkje... :-)

måndag 9. mars 2009

Mini-studio

God mandag frå mitt mini-studio, som passar utmerka til små born og kaniner.


søndag 8. mars 2009

Bloggen BO i avisa


For nokre veker sidan var det ein kjekk journalist på besøk hos meg. Intervjuet handla om bloggen min og om at eg starta eige firma i fjor. Artikkelen var på trykk i avisa på onsdag, over 3 sider! Det er aldri så veldig kjekt å lesa om seg sjølv, men eg har fått mange kjekke tilbakemeldingar om at folk synes dette var veldig koselig. Beroligande! :-)
I dag når eg opna nettstaden til Sunnhordland, så SLO artikkelen om meg rett i mot meg: Top News!!! (Skrekk og gru...tenkte eg då!).
Her er link til dykk som vil lesa. Alle bileta (utanom det av meg sjølv) er henta i fra tidlegare innlegg i bloggen.
Ha ein god søndag!

laurdag 7. mars 2009

BestLite

Noko eg er særs fornøyd med av innkjøp er BestLite lampane mine, designa av Robert Dudley Best. Det eg fall for var designet og den KVITE lakken på skjermen. At det er skikkelig kvitt, ikkje sånn beigegulskitenaktig kvit... Du veit?!? (Jada, kjære, eg er litt sær... :-)).
*
Vegglampen er den som blir vist her, taklampen let venta på seg... For om eg er særs fornøyd med innkjøpet, og det vart gjort for MANGE månedar sidan (i fjor), så er det kun vegglampen som er oppmontert og i bruk!
TING TAR TID! Og det gjeld pikade om fargen er kvit eller ikkje!
*
Gode kvelden!
*
Til dei som har komme med god betring til vesleguten, så seier eg tusen takk! Me er komme heim frå sjukehuset, og i dag er han SÅÅ mykje betre, noko som gjere eit mammahjerta så takknemlig, letta og glad! Så igjen, gooood kveld! :-)