torsdag 26. februar 2009

Rett Hjem nr.1 -09



Dette er mitt 2. oppdrag for bladet Rett Hjem (eit gratismagasin som blir utsendt i Stavanger og Bergen, med eit opplag på ca. 120.000 stk). For eit givande oppdrag!!!
Oppdraget var ja, heilt fantastisk kjekt! Location var på Halsnøy Kloster, og tema for denne utgåva var/er bad og vinterlunch. Som sist gong var Trude Vaaga stylist (ho er så flink!!!), og eg fotograf. Fotodagen var stormfull, men vergudane var på vår side. Vinden og bølgene som storma rundt oss, gjorde berre alt så mykje meir spennande og livfullt. Det er i sånne tider eg kjenner meg så lukkeleg! Lykkekjensla av at: "Tenk at dette er jobben min!". Eg kjenner meg rett og slett heldig! Så takk til alle dykk som støtta meg i valet om å starta mi eiga bedrift. Det er eg svært takksamd for!
Nå er bladet komme i postkassane til dei som mottek det, og me andre som bur i feil/rett (alt etter korleis du ser det) kommune får oppleva bladet på nettet. Klikk på denne linken!

onsdag 25. februar 2009

Pusekattar



Fekk ein så utrulig skjønn og sart vårbukett på laurdag. Pusekattar som heng på tre (?), blanda med roser var utrulig fint i lag. Så fin at eg deler den med dykk. :-)
P.S: For å øydeleggja idyllen: Snart kjem dei firebeinte pusekattane på besøk for å feira våren og spreia si vårlukt... Hadde det berre lukta roser!

tysdag 24. februar 2009

Fastelavenskunst


Fastelavensøndagen var prega av kvalme. Ikkje pga. for mykje boller og krem, men grunna ymse virus som gjer at boller og krem er det siste ein ynskjer å sjå eller smaka. Heldigvis varte det kun eit døger, og me (mor og dotter) la stafettpinnen daud...kryss i tak, vegger og golv.


Så om krembollene uteblei, så hadde me iallfall fastelavenspynt! Her er fjørbusken foreviga og blitt fastelavenskunst! Takk, tante Eva! :-)

Liten gris



Desse bileta er ikkje styla.

Dette er ikkje ein krigssone.

Dette er normalt.

Dagleg.


Her er middagsvisittkortet til Mr. Pompelomp. Mr. Pompelomp er ikkje min kjære mann. Han har heldigvis betre bordvanar. Mr. Pompelomp er vår kjære vesle son. Mammo sin gullgut. Mammo sin ramp. Definitivt mammo sin vesle gris!!! Så til dykk som synes bloggarar viser for lite rot og rask, her er mitt bidrag. Real life!

Å så får dykk berre tenka sjølv korleis guten ser ut etter eit lykkeleg middagsmåltid... Ærleg talt så hjelper ikkje blenda.

måndag 23. februar 2009

Fullt hus






Opninga av utstillinga Dundelina gjekk av stabelen på laurdag på Galleri Giga. Det er svært artig å sjå sitt eige navn på gallerivindauga...det må seiast! :-)
Bilete nummer to viser mi vesle mollemor hardt arbeidande med fargelegging, halvtimen før galleriet opna dørene. At veslemor ikkje var heilt i form denne dagen (og påfølgande natt) forstod eg etterkvart, og stakkaren hadde feber når me kom oss heim...huffameg.
MEN: Det kom så mange folk!!! Forestill dykk galleribilete proppa med menneske (pluss romma bak som me ikkje ser)!!! Rett og slett overveldande mange kom!
Til og med ei dame frå Sverige som fylgjer bloggen min (kom sjølvsagt ikkje kun pga. meg...men det kan eg jo lata som!). Uansett: Hei til deg (og sjølvsagt søster di!)!
Nå håpar eg at dei artige kleda og det skjønne Dundelina konseptet kjem fram til ein butikk nær deg!
Avisutklippa er frå Haugesunds Avis og Sunnhordaland.
Ha ein kjekke kveld!

torsdag 19. februar 2009

Velkommen til utstilling!


På laurdag er det opning av utstillinga Dundelina på Galleri Giga. Der er eg med...
Litt spennande dette, rett og slett! Dagen i dag vart brukt til klargjering av utstillinga, og eg trur at dette skal bli kjekt! NB: Utstillinga er kun ope i 1,5 veke!
Dykk er hjarteleg velkommen på laurdag, då det er høgtidleg opning. Roald Kaldestad les frå boka, "Dundelina og det gamle huset". Berre det er jo litt kjekt å få med seg! :-)

tysdag 17. februar 2009

Pukka


Det er utstilling på gong, og mykje må gjerast. Det kjem eg tilbake til i morgon. Nå skal eg drikka te, som vart kjøpt kun pga. fin embalasje... Etter å ha stått på hylla nokre månader, så er det kanskje på tide å nyte innhaldet? Te kan nemleg gå ut på dato. Det har skjedd mange gonger her i huset. Det skjer sjølvsagt når eg har hatt eit sånt teraid i butikkhyllene, bombesikker på at nå er på tide med "te-tente lys-lunekveldar-haust-hippoghoi så romantisk-koselig dette skal bli". Det slår sjelden til. Eller alt det andre skjer, utan te...


Om Pukka teen smakar like godt som den ser ut, det får me nett sjå (smaka) på...

torsdag 12. februar 2009

Ei fjør


...kan bli til fem høns. Denne fjøra vart ikkje til meir enn ei fin fjør i snøen. Hønso får me sjå langt etter.


Ha ein kjekk dag i snøen!!

tysdag 10. februar 2009

Juklar


Før snøen lava ned så var det isjuklane som regjerte. Nydeleg blått fargespel i dei. Er det løye me som ungar knakk dei ned, og åt dei? Er jo faktisk fristande nå og...
OBS: Med ei mor frå Vossetraktene, så er ordet isjuklar heilt normalt. Uttalast JOKKEL. Berre så det er sagt! :-)

søndag 8. februar 2009

God morsdag!


God morsdag til alle som er mamma på ein eller annan måte!
Dvs: Om det måtte vera til sine eigne born, andre sine born, hunden eller katten sin, eller kanskje til ein liten sau... :-)

laurdag 7. februar 2009

Mini A Ture


Mini A Ture er eit av mine favorittbarnekledemerker. Gong på gong fell eg for eit klesplagg, for så å oppdaga at "jammen var det Mini A Ture, dette også"! Det må vera noko med stilen, designet, stoffvalg og fargar som gjer at det er blitt ein favoritt. Ettersom eg fortsatt har makta over bekledninga til denne madammen her (har ikkje nok myndighet til å få ho til å stå i ro på bileta lenger diverre...), så blir det nett slik mammo likar da!
Gler meg til vårvarene som kjem i butikken nå til desse små. Dundelina, MeMini og MinATure har nok alle nokre godbitar til oss mødre som synes det er 10000 gonger kjekkare å kjøpa klede til dei små enn til seg sjølv...

fredag 6. februar 2009

Roser


NIB stod det eit innlegg om roser, og kva forhold kvar enkelt har til denne "trenda". Veit ikkje om eg er så "rosete" av meg, men desse gav meg iallefall kjensla av sommar! Golvteppa er frå Greengate, kjøpt på tilbod (jippi-halv pris!) hos Sæbøvik Gåver og Leiker.
God helg!

onsdag 4. februar 2009

Då bloggen var på TV


Litt yesterdays news når eg i dag viser bilete av bloggen min som var eit par sekund på fjernsynet i går! Eit par sekund eller ei, det var himla kjekt!
Intervjuet med bloggdronning Emmeline i Sveip på NRK2, var kjempekoselig -ho til og med song!!! :-) Next: Singing bee? (Haahhahaahaha, Emmeline, NÅ tøffar eg meg!).


Men kva skjer når ein verkeleg sit ytterst på sofaen, nervøs (eg var SÅÅÅ nervøs!?), og prøver å få med deg kvart ord som blir sagt og kvart einaste bilete... Jo då kjeme slike små linselus/svarte siluettar springande. Nett framfor kamera. Nett sånn at mammo seier grrrrrrrrrrrrrrrrrrrrr...
Blid nå altså! :-)


tysdag 3. februar 2009

Den vesle fuglen


"DEN VESLE FUGLEN", eit juleeventyr, vart årets julekort-tittel og tema! I dette innlegget skreiv eg at i år (dvs. i fjor!?) vart temaet fugl i julekortet. Temaet utvida seg til både fugl og eventyr!
Ved diverse brettingar laga eg ei slags bok inne i kortet. "Boka" bestod av eventyret om "Den vesle fuglen", som hadde våre to små som "stars". Sjølvsagt var mollemor og pompelompen heltane! Heltane som utøvde nestekjærleik og redda den vesle fuglen...sukk... :-)

Fuglen som pynta opp kortet fekk diverre ikkje alle motta. Det er ikkje mi feil! Eg har nemleg tømt ei rekkje butikkar for akkuratt denne typen fugl!

Som alltid så sender eg julekort også til kongen, og han fekk sjølvsagt fugl. Eg tullar ikkje. Takkebrevet er allereie komme (sjå biletebevis). Ettersom eg ikkje vandrar i dei kongelige kretsar så lurar eg alltid på om kongen verkeleg får kortet?! Så viss nokon kjenner kongen, dronninga, kronprinsessa eller kronprinsen, vennligst spør dei... :-)
Så ynskjer eg dykk alle eit eventyrleg nytt år!

måndag 2. februar 2009

Den heimkomne stolen


Fleire av dei siste innlegga mine har vore prega av "kva ein finn etter rydding". Derfor to innlegg i dag, som handlar om nett det samme! Tolix stolen min kom nemleg også til sin rett, dvs. fram i lyset, etter ein desemberovervintring under ei stor mengde ytterjakker. Blir jo null riper i lakken av det, så kanskje det er sånn slike stolar bør ha det?
Dei to boss-spanna mine på hjul "fann" eg etter ein tidlegare ryddesenanse. Dei vart kjøpt for mange, mange år sidan, når Bohus hadde opphørssalg her på Stord. Spanna som mannen min hatar (dei dett berre ein pustar), elskar eg!
Positivt: Det å "finna" objekt i eigen heim må vera eit stort pluss viss ein har annlegg for å vera litt uorganisert, eller la oss kalla ein spade for ein spade: Rotete... :-)

Kritt


Lo så inderlig godt når eg las innlegget til den gode feen om soppteikninga mi hjå tannlegen på Sæbøvik. Historia er sann, teikninga av soppen hang der i så mange år, at den vart GUUUUL!
Ettersom me er i ryddemodus her i heimen så dukkar diverse opp. Dette bilete dukka opp innimellom symjeføtter og verktøy!
Tenkte eg fekk dela det med dykk, som eit prov på at teikneferdighetene mine har utvikla seg sidan soppkunsten på -80 talet!
Dette sjølvportrettet (med lukka auge - prøv den du!) laga eg på -90 talet. Oppgåva var at ein skulle portrettera seg sjølv i eit kunstverk. Min inspirasjon var Madonna av Munch. Teknikken var pastellkritt. Trur det er på tide å utvikla seg vidare ved å finna fram teiknesakene...viss eg gidd! :-)