laurdag 31. januar 2009

Det 6. bilete...




...i den 6. mappa! Hmmm...må ærleg seia at den utfordringa klarar eg ikkje gjennomføra. Utfordringa var at ein skulle vise det 6. bilete i den 6. mappa og deretter utfordre 6 nye til å gjere det samme.

Men så var det slik at på mi maskin var det 6. bilete i den 6. mappa eit bilete eg så absolutt ikkje vil visa... Det var av meg sjølv! Og då sjølvsagt midt under keisersnittet då minstemann kom til verda. Meg sjølv med grøn operasjonshue på hovudet! Smakfullt. Javisst. Blid er eg også på bilete, for eg har nok fått ein god dose med eit "oppløftande" middel. Jaja, nå etter å ha beskrive det så inngåande så kunne eg nok vist det... :-)

Viser heller det 6. bilete frå ei anna mappe (+ nokre fleire frå samme mappe)!
Det får meg til å gle meg til sommaren, og minnar meg på kor fort tida går. At me rett og slett må gle oss over kvar dag me får på jorda.

fredag 30. januar 2009

GO: Jysk


I dette innlegget skreiv eg om eit oppdrag for JYSK i oktober -08. Her er bileta (link til bladet) som vart brukte frå vår photosession på toppen av verdens største plattform!
Kjekt at eit av bileta mine vart fyrsteside! :-)

måndag 26. januar 2009

Egg & bacon


...eller ei cupcake? Her i huset blir det dagleg servert toast, pizza, rullekaker, muffins, frukt og masse anna snacks, vel og merka i tre!
.
Julegåva til våre to små vart ein suksess. Med suksess meinar eg ei leike som blir leika med kvar dag, og ikkje er populær i kun to minutt... På butikken MeMini i Haugesund kjøpte me kjøkken, bakesett med miksar, kakefat og kaker, frukostsett med brødristar, skiver, fat og bestikk. Må jo innrømma at det var av litt estetiske grunnar eg fall for dette minikjøkkenet frå Honeybake. Passar jo VELDIG godt inn med den lyseblåe SMEGEN...
At det var så kjekt, og vart SÅ populært kom som ein flott bonus. Til og med eg likar å leike med desse tinga! :-)

søndag 25. januar 2009

Nigella











Skjønne Nigella er ei støvandes dame, synes eg! Kvinna osar av tryggleik, sensualitet og kjærleik til mat og kokkekunst. Om det er i eit studio eller heime hjå henne ho trakterar grytene, veit eg ikkje, men fint er det iallefall! Rein inspirasjon!
I sommar kjøpte eg dette "sausesettet" frå Nigella, i København. I dag kom det til sin rett. Me ryddar nemleg i huset for tida. Rettare sagt i eit "roterom". Vårånda er komen, og mykje nedsnødde objekt finn me. Her hinn dagen fann me for eksempel Tolixstolen min som mine kjære kundar får sitja på når dei besøker BO design & foto. Den hadde forsvunne under ein haug med jakker... Jaja, spennande med skattejakt i eige hus! :-)

laurdag 24. januar 2009

God laurdagskveld

Ynskjer alle ein god laurdagskveld! Her lyser det i ulike lykter og stakar eg fekk til jul frå mine tanteungar. Alt kjøpt på Riviera Maison, i Rotterdam.
P.S: Gratulera med dagen Kaia!

fredag 23. januar 2009

Jula varer heilt til påske


Ja, så sanneleg gjer det den! Her hjå oss dykkar det fortsatt opp julepynt, som fint har glidd inn i interiøret. Verst av alt er at det fortsatt ligg julekort som skrik at dei vil bli sendt, iallefall før me glir inn i februar månad. Og så var det dei pakkane...nei huff, nå får eg reint vondt i magen. Ein ting er sikkert: Det som ikkje blir gjort før jul, blir iallefall ikkje gjort etter jul...
God helg! Eg skal senda julekort! Og pakkar... :-)

onsdag 21. januar 2009

Flink storebror!


Pleier kun å leggja ut eigne foto på bloggen min, men dette blir eit unntak. Synes nemleg at det er litt tøft at storebroren min står bak dette designet av U.S Coast Guard sitt nye skip! Dette er eit av 3 ulike 3D skisser som nå er offisielle (av ca. 100 modulerte skisser), og ligg ute som "latest news releases" på United States Coast Guard sine nettsider. Bror min jobbar som skipdesigner (heiter det det :-) ?) i Nederland, hjå firmaet Damen Shipyards.
At me to søsken begge jobbar innan design tenker eg ofte på at er litt merkelig...men det er kanskje slik det vert når ein hjelpepleiar møter ein som jobbar på ein sardinfabrikk! :-)
Artist rendering by Olav Haga, Damen Shipyard, (i samarbeid med) Bollinger Shipyards, USA.

måndag 19. januar 2009

Anouska




Eg har fått tak i eit fantastisk nydelig (synes eg) teppe frå Anouska. Kjøpte det i Horten, på butikken Fryd interiør (ikkje kjeda Fryd). Denne rosa herligheten er eit sånt kjøp som gjer at ein kjenner ei god kjensle inni seg. Synes fargen er heilt skjønn, og kombinert med gulltrykket, så vart dette rein lykke for meg! :-)
Så nå kosar teppet seg saman med det avsindig dyre luktelyset eg kjøpte før jul. Så dyrt at eg sparar på det...

torsdag 15. januar 2009

Orkide


Nå når jula endeleg er på veg ut av huset vårt, så er det godt å få våren inn. Orkideen sine nydelige rosatonar gav eit lite snev av vår her i stova.
Dvs. viss ein har skylappar, og ikkje ser rundt på alt det andre i stova vår, som verken minnar om vår eller vinter, men heller kunne vore ein reklame for Duplo , Brio og med eit snev av Disney og Mattel...
Ha ein kjekke dag!

onsdag 14. januar 2009

Farvel

eg seia farvel til vårt kjære, vesle juletre. Eller er det sånn at jula varer heilt til påske?
Treet har vore eineståande! Det vart innkjøpt med oppskrift i toppen, der det stod kva vatnmengde det skulle ha DAGLEG! Diverre er ikkje denne oppskrifta blitt fulgt, men treet har ikkje dryssa ei nål... Flink tre!
Nå har eg fotografert treet, og trinn to i farvelprosessen kan starta: Pynten må av! Den stakkars skadeskutte fuglen med nebbskade får gøymast og takast fram til neste år. (Den blei brukt i årets julekort. Det skal eg visa ein annan dag, når eg har fått sendt ut alle korta...). Trur faktisk at eg nett nå bestemte for at jula varer faktisk til påske!

måndag 12. januar 2009

Dundelina



Her er ein liten kikk inn i verda til dundelina og det gamle huset.
Denne vår/sommar kolleksjonen av barneklede kjem snart i ei rekkje butikkar rundt om i Norge. Forfattaren Roald Kaldestad har skrive boka som årets kolleksjon er basert på. Brodert på kleda finn me element frå historien om dundelina og det gamle huset. Dei søte monstera som dykk ser på bileta finn ein både i bokform og i "laus vekt" som ungane (eller ho mor) kan plassera på kleda.
Det er BO design & foto som fekk det ærefulle oppdraget å fotografera denne kolleksjonen, så nå håpar eg at bileta yt kleda rettferd... Men reint sånn objektivt sett så fekk eg iallefall ein "sommar, snart vår og barbeint i hagen" stemning og kjensle! Eg gler meg!
Gled dykk! :-)

måndag 5. januar 2009

2 år!
























Bromlebassen, godguten, minien, vesleguten, rakkarfanten, vovven, pusen, skjønningen, goingen, pompen, pusemannen, vennen, sussebassen, broremannen, rampusen, sjubbelurken, røvaren og tusseladden vår vart 2 år i går.
Sååå glad i deg!
P.S: Mammo er meget klar over at veslepompen treng eit hårklipp... :-)

torsdag 1. januar 2009

Luke 21, 22, 23, 24, god jul og godt nyttår og hipp og hei!!!





































































































































GOD JUL! GODT NYTTÅR!

Veldig rørande med bekymringsmailar og kommentarar frå faste blogglesarar! Takk for omtanken! Eg er i live! :-)

Men omgangssjuke (som verkeleg gjekk på omgang - ingen gløymt!), juleforberedelsar, juleferie, utanlandsbesøk + blogging er ein heller dårleg kombinasjon. Kombinasjonen er så absolutt ikkje til å anbefala...

Nå er me heime att, med opplading til 2 årsdag på søndag. "Eg trur me droppar da", kom da trøtt frå han far i dag... :-) Jaja, sånn er det! Lukka var stor med begge nedkomstar, om dagane pressar seg inn før og etter jule og nyttårsferinga. Så bursdag skal det bli, med kos og kaka (ei lito kaka...)!


Viser litt bilete frå julehuset vårt, dei artige pakkane frå Nederland og eit bilete av vår vetle krabat så syntes både at stjerneskudd og rakettar var stor stas.


Ynskjer ALLE eit godt nytt år!!!