tysdag 30. september 2008

Og så kom daddo heim...

























...rett i frå barnehagen til blitzregn! Ja Linda, nå skal det bli blitzar! :-) Du hildrande du! :-)

Vesle pusen til mammo


























I dag er vetlepusen til mamma & pappa heima i frå barnehagen. Vetlepompen er ikkje heilt friske, men still going strong! :-) Hei, hei til alle snille barnehagetantene!

Eg har lånt med meg heim blitzlampar, som eg brukar til eit prosjekt. Etter kvilen sin fekk eg derfor testa ein litt fortumla godgut i blitzregnet, i mitt improviserte studio. Litt øvegidde og trøtte i fjeset sitt, men sååååå skjønne synes mammo, og sjølvsagt pappen! :-) SMASK!

måndag 29. september 2008

Storm i sløret...






























...må bety enorme mengder lykke! :-)

Min store skrekk har alltid vore å ta bryllaupsbilete i striregn og kuling! Dette fekk eg oppleva på laurdag med dette utrulig skjønne og kjekke paret. Regnet sila, vinden blåste sterkt, men fotograferinga var like kjekk, romantisk og morosam som den pleier.
Det sporty og positive paret lo, mens dei sprang mellom byer, og kyssa over søledammar!

Med så mykje regn i sløret, så må dette ekteskapet verta ein suksess! :-)

torsdag 25. september 2008

MollyMo


I dag var det opning av Heiane Storsenter på Stord. Der kan dykk finna den kjempefine butikken, MollyMo.
MollyMo sel klede med merker som TIGER, Maggie Wonka, Oui Moments, Vera osv.
BO design & foto har laga logo, annonser og har hatt ansvar for skiltinga av butikken. Butikken er blitt så fin, og eg er så lykkelig for at skiltinga blei rett og slett superduper! :-)
Bilete er frå butikken, og viser skiltet som eg har fått produsert i utfrest aluminium. Kanskje eg viser fleire bilete ein annan dag? Ja, da gjere eg...nemleg! :-)

tysdag 23. september 2008

Utstilling












































Viss du ynskjer deg ein galleritur, så kan eg anbefala Galleri Giga eller Galleri G Guddal. Galleri Giga opnar ny utstilling på laurdag, med Karen Smith-Gahrsen. Galleri G Guddal opna utstilliga "Når veven syng", av Helga Skålnes, sist laurdag.


Begge galleria er kjekke og spennande kundar av BO design & foto.

måndag 22. september 2008

The winner is...

Trommevirvel og hipp hurra:
AMELIE78!

Gratuler sa masse som vinnaren i denne basaren! :-) Send meg ein mail med adressa di, sånn at eg kan få sendt pakken til deg.

Da er heilt utrulig kor mange som har lagt igjen kommentar! Hjelpemeg og herligalondon gonger ti! :-) Når trekninga vart gjort i går kveld så var det ca.188 kommentarar, men nå har det kryssa lina til 203! Iallefall rekord for min blogg! (Kva blir 12 kommentarar for meg etter dette?). Hehehehehhehheheheheheheheeh!

Eg har ingen bilete frå trekninga, grunna dramatikk! Etter å ha printa ut alle kommentarane (dvs. 38 ark!), så måtte eg kutta dei opp i kuttaren min. Denne prosessen syntes vår vesle bromlebasse at var veldig spennande. Når det brått byrja dryppa raude dråpar på dei utprinta kommentarane, så forstod eg at han hadde blitt vel klåfingra... Tommeltotten hadde fått seg nokre små rifter, men ikkje verre enn at pappen fekk vaska, rensa og plastra det. Mammo reagerar litt ulikt, og blei lettare handlingslamma og ytterst svimmel...ingen heltinnefakter her nei!

Alle lappane (med og utan blod) blei lagt i ei stor skål, og etter mykje roting og romstering vart Amelie78 trekt av han far sjølv. Gratulera! Håpar at du likar pakken... :-)

onsdag 17. september 2008

Til deg!





















TIL DEG! FRA MEG!
Som ei feiring av at bloggen har hatt eit lite jubileum, med 200.000 unike besøk, så bestemte eg meg for å gi ei gåve til ein eller annan som legg igjen ein kommentar til meg.
Viss du vil vera med i trekninga, så legg igjen ein kommentar under her, så skal eg trekka vinnaren ut om nokre dagar. Viss du ikkje har blogg, så legg igjen kommentaren din som anonym, men skriv navnet eller kallenavnet ditt i kommentaren din!
Lykke til!
Herliga London, føle eg har basar her!!! :-)
Pakken er pakka inn, fordi det kan henda at eg ombestemmer meg for innhald! Det er utrulig vanskelig dette! Ikkje det å gi vekk noko, men tanken på at mottakar skal bli glad!!!

tysdag 16. september 2008

200.000 unike treff!




































200.000 unike treff!!! Det hadde eg ikkje trudd når eg starta bloggen "for å vera litt kreativ" i mammapermisjonen min!
I kveld kryssa teljaren min over det magiske talet, 200.000! Faktisk har bloggen (akkuratt nå) hatt 200.039 unike treff! Så kjekt!
Dette må jo feirast med finkjole og champagne... :-)
Eg har fått nokre få forslag på kva gåva til ein heldig skal bli, men er fortsatt ikkje sikker. Så kom gjerne med innspel...
Innlegg om gåve kjem i morgon!
Ha EIN KJEKKE KVELD!

Stinky























Dette er Stinky, verdas beste kanin.
Stinky kler navnet sitt. Han er enkelt og greit ei illeluktande og stinkande kanin. Dette fordi om han blir vaska med gjevne mellomrom (til tider kvar dag) på 90 grader.
Stinky får sin odeur av at han blir tygd på, mata med leverpostei, dratt gjennom sandkassa, får melk, blir bada i sølepyttar, og av og til duppa i do... (Ja, det skjer det også, viss ein er så dum å ikkje lukka toalettdøra!).
Trass i denne behandlinga så er Stinky det høgst elska kosedyret her i huset. Så når mammo skulle ta bilete av det vesle udyret til barnehageprosjektet "mitt hus", då vart det tårer og vilt hysteri frå Stinky sin vesle eigar...

søndag 14. september 2008

Jenteapekatt






















Dette er ein jenteapekatt! Den doble kritt-tavla som var eit impulskjøp, er blitt gull verdt. Her kan to stk. teikna på kvar si side, utan altfor mykje krangel...(nåja...).
Mange artige figurar har iallefall dukka opp dei siste dagane, og mor synes det er stas når figurane utviklar seg i positiv retning. Dvs. at dei har hår, nase, augebryn, pupillar og øyrer. Veit ikkje heilt kor høgt ein skal setja lista for ein 3,5 åring, men denne jenteapekatten (med hale) vart godkjent av ei litt for kritisk teiknemamma. :-)

laurdag 13. september 2008

Takk





















Takk for alle awardar, prisar osv. her i blogglandia! Eg veit ein ting, og det er å ikkje utsetja ting til i morgon. Det betyr ikkje at eg klarar å leva etter den regelen, diverre!

Derfor så kjem desse awardane samla, og ikkje veit eg om det er alle heller. For når eg skulle gjera arbeidet eg utsatte, med å finna alle awardabileta, så blei den jobben pittelitt for stor!

Uansett takk for at dykk synes at bloggen min er kjekk og inspirerande! Tusen takk også for alle kommentarar.


Nå nærmar bloggen min seg 200.000 unike treff! Det skjer sikkert rett over helga (viser tala), så då skal eg feira det med ei gåve eg og... Kva i all verda skal eg gi vekk??? Forslag mottas med takk!


Elles så pussar eg og gnikkar litt på bloggen min...så ha tolmod viss ting er litt på skakke! :-)


God laurdag! Nå skal me snekra golv! Får jo storfint besøk, og då må dei gå på fint golv! Hehehehehehehehehehheheheheheheheheheheheheheh... ;-)

fredag 12. september 2008

The art of...




...baking a cake!
Eg er ikkje ei sånn veldig flink "komigjennåbakarmekakamamma"! Eg er heller ei litt sånn; "Mekanhellerkanskjebakaimåromamma...".
Når det blir ein del sånne "Kanskje i morgon?", så må det jo ein gong skje. Presset og maset blir jo ikkje mindre! Iallefall ikkje når eg var så lur å kjøpa inn kakebakesettet til Lisbeth Dahl. Lure mamma! :-)
Heldigvis for meg, hadde eg kjøpt inn ein langpannepose der det kun var vatn og olja som mangla. Då var det berre å setja i gang med måling av posens innhold i ulike koppar og kar. "Liksombakinga" gjorde susen for små bakermestarar!
Dermed fekk me tatt i bruk heile kakebakesettet, til stor glede for to små. Dei fekk til og med bruka pepperkakeformene, ettersom dei har ei mamma som er så kanongoe på å laga panneflate kaker! :-)
God helg!

tysdag 9. september 2008

Sommarfugl


















Mine små håpefulle går i ein kunst og kulturbarnehage, og har nok som i dei fleste barnehagar tema som dei jobbar med. Før ferien var det sommarfuglar opp og ned i mente! Til og med dyrking av små larver var på tapetet. Larvene vart til flotte sommarfuglar, som flaksa rundt i barnehagen... Om dei enda sine dagar der, eller fekk komma ut i live, veit eg ikkje.

Øverst ser dykk sommarfuglen som mollemor hadde laga, og som nå fyk rundt i stova. Denne var jo svært fin, synes mammo. Litt verre med desse ørten teikningane ho tek med seg heim, der ho brettar arket ca. femten-tjue gongar etter teikninga er ferdig. Ser faktisk ut som dei er klar til boss-spannet, men sjølvsagt ikkje; Teikningane skal brettast opp, som ein presang... Så skal det skrukkete papiret med dei små krusedullane nytast. Kanskje strykast!!!?


Dei tre nederste bileta er frå sommarfuglfesten i barnehagen. Ein flott og rørande fest! :-)

Så, takk kjære Emmeline for så flotte og snille ord!!!
For nokre veker var eg nemleg heime hos Emmeline på konfirmasjonsfotooppdrag, etter fotografering for bladet Vakre Hjem & Interiør i ein annan Bergensheim. Å komma heim til Emmelinefamilien, var rett og slett som å komma heim!!! Der kom eg rett til middagsbordet, med knallgod mat! Egentlig fantastisk morsomt å sitja der å eta middag i lag, for me kjenner jo ikkje kvarandre "live". Det viser vel at me gjennom bloggane blir kjente me kvarandre og kan få gode vener! Da var iallefall utrulig kjekt å møtast, om den stakkars familien hennar vart stua inn på soverommet for at me skulle få tyta i fred! Hehehehehehehehe! :-)

måndag 8. september 2008

Solsikker




Solsikker var den store slageren for 13 år sidan. Eg hugsar spesielt godt solsikketapetborder, og matchande keramikkblomsterpotter med solsikker på! Heheheheheh... :-)

I dei solsikkedagane kom ei av verdens beste jenter til verda. På laurdag var ho 13 år! Gratulera med overstått dag!


Desse solsikkene skulle eg egentleg gi vekk, men i "stormens hete" vart buketten liggande bak i bilen... Jaja, her er dei heime hos meg, slik at eg kan dela dei med deg...og deg...og deg... :-)

fredag 5. september 2008

onsdag 3. september 2008

Små prinsesser...






...og store prinsesser! Skjønne små, med stilig mamma og pappa!

Dette er bilete frå eit av bryllaupa som eg har fotografert i sommar. Det har blitt mange, og nokre har eg diverre måtte seia nei til. Allereie forespørslar til neste "sesong", så ein må visst vera tidleg ute! :-)

måndag 1. september 2008

Pip Pip





















Eller kvirreveirrevitt! Kva i all verda seier ein fugl?

Jaja, vil berre få visa kva innlosjering fuglane som overvintrar kan få her hos meg! Synes dei burde vera ekstremt takksame, og flytta inn med det samme. Huset blei kjøpt blant mykje anna "rask" (vil sikkert min betre halvdel kalla det) i København.

Fuglehuset som heng så fint i treet oppdaga eg at hadde mista botnen... Stakkar fuglar! Men det heng der likevel, for det ser så fint ut...

Tante Mimmi, eg trur du tek feil hus. Vårt er frå 1970 og er ikkje blant dei vakraste i nabolaget...men i morgon kjem ein arkitekt på vitjing! Hei & Hå! :-)