onsdag 23. juli 2008

Sommarferie





Nå er det ferie. Pust inn, senk skuldrene...pust ut...Iallefall ferie i ei veka.

Huset står på "håve". Ein overgrodd hage treng stell. Det einaste fine der ute er sinkfatet som naturen sjølv har styla.

Mine to små fotografert av ei mamma som låg strekk ut på plenen. Lilla i tryne etter plenklipping.

God ferie!

tirsdag 22. juli 2008

IKEA lanseringsfest



Denne boksen fekk eg i posten for nokre veker sidan. Lanseringsfest for IKEA sin -09 katalog.
Mitt spørsmål er:
Kor mange tusen er invitert, eller skal eg føla meg beæra! :-)

Ha ein kjekk tirsdag!

fredag 18. juli 2008

Krabbe & Rekefest!























Viss nokon ikkje veit kva dei skal gjera i helga, så ta turen til Halsnøy! Verdas finaste plass :-) !
I kveld er det den store krabbe & rekefesten på Sæbøvik (sentrum av Halsnøy), der heile familien kan ha det kjekt! I morgon er det gratis fellesfrukost servert av handelstanden(!), og fiskefestival!
Me gler oss!
God helg!

mandag 14. juli 2008

Bryllaupstid...
























...med humor og romantikk! Brudepar har mange ynskjer, og denne spreke karen ville klatra i tre! :-)

Nydeleg skjønne var dei, og kjekt hadde me det! Bilete av dei to under treet var eit slikt "moment" som gjorde meg tårevåt. Rett og slett rørande!
Som Marie skreiv i ein kommentar tidlegare; Håpar alle brudepar tek fram den gode kjensla frå bryllaupsdagen, når dagane er litt grå.

Lykke til!

fredag 11. juli 2008

Rosendal Mat & Kunstfestival




I dag og i morgon bør dykk ta turen til Rosendal. Der er det Mat & Kunstfestival, med eit ganske variert program. Programmet har BO design & foto laga. Det vil sei meg... :-)
I morgon tek iallefall eg turen til "indre luten". Det vil bli kombinasjonen festival, bryllaupsfotografering og litt "dill"! :-)
God helg!
P.S: Tusen takk til Kristine på Til Bords, som lot meg få låna både kniv, skei og gaffel til fotografering.

lørdag 5. juli 2008

Grønt er skjønt
















Om mammo har fulle dagar på jobbfronten (+ litt meir enn det), så må me av og til ta fri.

I dag har me derfor vaska hus, nytt varmen og sytt for avkjøling med bad i plastbassenget. Minipompen har fått innvia den nya grønstripete badebuksa si, og frøken fryd sitt nye, grøne, prikkete skjørt.
For, som storasøstera seier: "Me elska grønt!".

Ha ei skjønn helg!

onsdag 2. juli 2008

tirsdag 1. juli 2008

I`ve got mail...



Det var ikkje akkuratt i postkassa vår at det kom så mange nyhende som eg vil dela med dykk... :-)
I mailen min derimot, var det kjekke nyhende; Den midlertidige websida for firmaet mitt virkar. Ho er heilt enkel og grei, med den kontaktinformasjonen ein treng for ein forespørsel til meg.
Viss du vil kikka, så besøk www.bodesignfoto.no eller www.bodilhaga.no
Begge vegar fører til meg... :-)

P.S: Postkassa fekk me av julenissen. At julenissen -hold dykk for augo viss dykk trur på nissen- ikkje fins, vart mannen min overbevist om etter denne gåva. Eg synes at han gjorde ein fabelaktig jobb. Dekoren på postkassa har eg laga sjølv! :-)