fredag 25. april 2008

Fredag





Med ynskje om ei god helg.
Her er litt av det som hjarta flaumer over av (dvs. våre born), litt materialisme og til slutt nokre ord til ettertanke. Alt å finna inne på vårt kjøkken.


Viss ikkje alle forstår mi kritthandskrift, så lyder diktet:
Skap meg om til noe
jeg ønsker å være
Slik at jeg kan lengte
tilbake til meg selv


Rammer frå IKEA, målemugger frå ein butikk i Rosendal kalla Stemning, småskåler frå Kremmerhuset.

torsdag 24. april 2008

Ein liten...


...blom, handplukka av frøken til fryd, til vår kjære veninne i Stockholm!
Kos deg, og gratulera med dagen!

(Kjekt med denne bloggen! Kan til og med bruka den som ei gratulasjonsannonse!). :-)

måndag 21. april 2008

Skjønn blom






























Kjøpte ein sånn utrulig skjønn blom ein dag i sist veke. Ikkje veit eg kva den heiter, men eg synes den lignar på ein blanding av kvitveis og firkløver... Kvar dag den lever, så er eg glad!
P.S: Blomen vart kjøpt på Oasen Hageland, Heiane Hagesenter.

onsdag 16. april 2008

Bloggen 1 år!



I dag er bloggen min 1 år!

Emmeline har allereie gratulert meg, så det må eg seia er ei oppmerksam dame! :-)

Hadde litt planar for denne dagen, i forhold til dykk som besøker bloggen min.
Det får komma i neste innlegg, for eg har store arbeidsmengder framfor meg.
BO design & foto får nemleg fleire og fleire kundar, og dagane er derfor travle! :-)

Viser to bilete av vetleklumpen som er litt over 1 år, og som var grunnen til morspermisjon og tid til blogging! Takk til Den Gode Feen, som oppmoda meg til å blogga! :-)

Ha ein kjekke dag!

laurdag 12. april 2008

Nybada































Nybada og gode, vesle småtrollo til mamma & pappa.

Av og til er det så kjekt å berre ta "haugavis" av bilete av det som skjer rett framfor deg. Ettersom veslepusen er ein liten mammadalt, så er han jo rundt meg heile tida. Sjølvsagt når kameraet kjem fram så forsvinn han, men fekk iallefall tatt bilete av dei små krøllene i nakken.

Det å kunne ta masse bilete er nemleg det store plusset med digital fotografering. På eit øyeblikk så har eg tatt ein 130 bilete, heilt utan kostnad! Det er så kjekt! Eg sette sånn pris på det!

Mange spør meg om kamera og objektiv. Eg brukar eit Canon 350D, så mange av dykk har nok mykje betre kamera enn meg. For meg er kameraet eit verktøy, og eg er rett og slett mest opptatt av at det virkar. Altså, eg er ikkje så opptatt av kva kamera, utstyr osv. folk må investera i. Eg har rett og slett ikkje nok kunnskap om det.

For meg er fotografering å kunne sjå. Sjå lys, sjå komposisjon, sjå eit motiv, gjennom det vesle linseholet! Heldigvis stemmer nesten alt, nokre gonger. Heldigvis er det lettare å øva for å bli god i dag!
Skulle ynskje eg vart så god som mitt idol, Sally Mann. Ho er ein meister, og ein fantastisk inspirasjon! Klikk på linken, og nyt!

Ha ein fin laurdag!

onsdag 9. april 2008

110.000 :-)





Då eg hadde hatt 10.000 unike treff på bloggen min, så feira eg det med eit innlegg. Tenkte eg skulle feira 100.000 treff, men brått vart det 110.000, og i dag viser Susnet 112.253 unike treff!

Så dette er ei feiring av 110.000 treff, som egentleg er 112.253...Skjønnar? :-)

Vil også takka for alle dei kjekke kommentarane ang. kjøkkenet. 70 kommentarar er ny rekord for meg, og det samme er anntal unike besøkande i går: 736 stk!

Tusen takk for at de synes bloggen min er kjekk og inspirerande!

Ha ein fin dag!
Bileta er frå stova, og viser "sjuke"buketten eg fekk av mamma. Blomane har stått i nesten ei veke, og er like fine!

onsdag 2. april 2008

Best & Pest


























Best:

Kjøkkenet vårt er nok på dette tidspunkt det beste i huset vårt. Det lyseblå Smeg kjøleskapet er min stolthet. Sukkertøyet til ho mor! :-)

Er også veldig glad i stettefatet frå Riviera som me har alle oljene, diverse krydder og kvitlauken liggande på.

Så her fekk dykk endeleg sjå nokre bilete frå vårt kjøkken. Håpar at ingen blir skuffa, ettersom mange har venta på bilete. Vil berre seia at det fortsatt ikkje er ferdig, og dermed vil eg ta "skikkelege" bilete, når det er HEILT KLART (dvs. aldri).


Pest:

Back to 70-talet. Ja, det er badet vårt (og mange andre plassar i huset). Badet er så stygt at eg hoppar over det når eg viser nye gjester huset vårt! Egentleg betre om dei vaskar seg utomhus!Badet har grusom innredning. Pastellfarga, blomstrete plater som vegg. Flott lampe (ironi). Eg kan fortsetja, men viser dette. Finito.
Eng: Showing the best and the worst in our house.

tysdag 1. april 2008

Stord Pistolklubb








































Nei, det er ikkje eit pestinnlegg Emmeline, om eg på mange måtar synes at skyting er ei pest og ei plage! Så kvifor i all verda har eg eit innlegg frå Stord Pistolklubb sine lokaler? Aprilspøk?

Denne kjærleiken... Traff ein mann, som elskar skyting. Han traff ei dama som hatar skyting. Skyting er sport! Nei, skyting er...

Etterkvart som åra går, blir ein vant med at mannen strålar med tanke på skytestevner, nye pistolar og duppedingsar. Mor veit utan å vilja ha den kunnskapen, brått kven "Børselars" er, og at hylser kan kjøpast på QXL.
Stille blir veslejenta innpoda med at skyting er ein kjempekjekk hobby. Rosa hørselvern får ho, før ho er året. Far sine auger, dei blinkar og lyser når han tenker at den vesle håpefulle skal bli skytterprinsesse, og at sjølvsagt miniputten skal bli skytterkonge. La han nå heller treffa nydelige, prinsesse Ingrid Alexandra, å bli konge, tenker mor...

Ja, tida går, og mammo skyter ein rein tiàr på sitt fyrste skudd. Bravo! Naturtalent! Han far er stolt! Mammo skyter kun dette skuddet, som bevis på at skyting er enkelt... (og nokre til, men dei snakkar me ikkje om).

Så blir mammo og ungar, med han far på skytebanen. Kamera er med. Mor sel bileta til lokalavisa Sunnhordland. Bileta var på trykk sist fredag. Mor er nøgd. Endeleg vart skytinga lønsom, og litt kjekk. Akkuratt det siste er hardt å innrømma. Ja, at skyting faktisk er litt kjekt. Derfor treng ikkje du min kjære lesa akkuratt den siste setninga. Den gjeld ikkje for deg... :-)