måndag 31. mars 2008

Mandag



Ein vanleg mandag, med "knoving" i sofaen med dei små. Bileta viser litt av fargeskalaen me har i stova. Klarar ikkje å ta nokre oversiktbilete, ettersom det er rusk og rask i alle hjørner!

Ha ei fin veke!

laurdag 29. mars 2008

Award og konfirmasjonsinvitasjonar





Tusen takk for denne awarden, som eg har fått av Tussaluso, Emmeline, mali-mo, Meybime og Lindas Hus. Håpar ingen er gløymt!

Eg skal gi den vidare til 5 stk, men eg trur dei fleste rundt om kring har fått ein sånn. Derfor så gjere eg da enkelt og greit; Denne er til alle som ikkje har mottatt den! Beklagar at eg gjorde den litt lettvinte vrien, men lar pencilinen ta skylda!
Alle bloggarar: Ha ein kjekke dag!

Så viser eg nokre konfirmasjoninvitasjonar eg har laga til ein kunde, ettersom eg var inne i ein sånn invitasjonsbølga.

God helg!

torsdag 27. mars 2008

Bryllaups...






...invitasjonar. Sommaren som er der framme ein plass, betyr romantisk bryllaupstid. Dette skjønne paret har bestilt "full pakke" hos meg, som vil seia grafisk design av invitasjonar, "forlovelse" bilete, bordkort, bryllaupsfotografering og takkekort.


Min nyinnkjøpte gedigne printer som kan kjøyra ut papir opp mot 270 gr, gir korta kjempegod kvalitet.

Diktet hadde bruda med seg, og det synes eg er så fint. Det er så skjønt, og passar godt til desse to! All lykke!

onsdag 26. mars 2008

Kjøkkenleik og egg







Inne på "nyekjøkkenet" har me laga ein liten leikekrok. Her er det vesle IKEAbordet til mollemor flytta inn, saman med stolen og krakken til veslepoden. Leikekassen som eg kjøpte på halv pris på Sæbøvik Gåver & Leiker, passar glimrande inn. Her er alle togdelane til miniputten plassert, slik at desse blir leikt med.

Egg er godt! Begge våre to små er glad i kokt egg, og dei skal etast heile! Sjå og lær! :-)

fredag 21. mars 2008

God påske


































I dag kom påskeharen på besøk hos oss. Mange "hoppespor" etter påskeharen blei funne av mollemor. At det er løpetid for ein del kattar i nabolaget, gjorde at det vart nok spor å velga i...
Påskegget vart iallefall funne, og korga blei full av småegg. Den delen kom diverre ikkje med på film, ettersom batteriet då vart paddeflatt.
Kan det vera paracetrusen som gjer dette? For nå kan eg jo berre få informera (ettersom alle dei siste innlegga handlar om klaging av sjukdom) om at halsbetennelsen som var hive over meg på tirsdag har vore pyton. Høg feber og vond hals er ikkje kjekt. Men la det vera sagt, eg er så takknemleg for at det er eg som er sjuk, og ikkje ungane.
Og nå er eg litt betre! Så GOD PÅSKE!
Me pyntar enkelt til påske i år. Gule påskeliljer er fine både inne og ute! :-)

tysdag 18. mars 2008

Lysekrune






















Eller lys i tunnellen? Desse siste vekene har gått litt tregt, med sjuke ungar og ei veldig vond tann! I går fekk eg hastetime hos tannlegen, der visdomstanna måtte ut! Eit pittelite hull , som gjekk rett i ei nerva fekk fylling sist onsdag. Etter å ha stått opp kvar natt for å ta smertestillande, orka eg ikkje meir, og tanno fekk fyken.

I går hadde eg klubb (med nytrukken tann - kjekk kombinasjon). Mannen fekk lysekruna opp over bordet, og måtte også laga maten. Takk -du er snill!

Fekk lysekruna av mamma og pappa til jul, så det var kanskje på tide at den kom opp...

I dag skulle frøken fryd på påsketur til bestemor, sånn at mammo fekk arbeidsro, men nei du... Feber igjen, vondt i halsen osv. satt ein stoppar for det. Så her det litt lite arbeidsro, men mykje paracet i omløp.

God påske!

Ja, og eg veit det. Duken er skeiv og ustrøken. Og ja, dette innlegget ber preg av eit snev med irritasjon. Eg er nemleg litt lei. Av tenner!

laurdag 15. mars 2008

Påskeegg





























Påskeharen har ikkje vitja oss endå, men i dag hjalp me han litt med utlevering av nokre egg. Våre to små skromlebassar har nemleg gått i ein svært kjekk og liten barnehage der det har vore 13 ungar og 3 vaksne. Nå er barnehagen snart historie, og vaksne og små skal overflyttast til ein ny og flott barnehage med maaasse ungar.

Dei tre kjekke tantene fekk derfor kvar sitt egg frå Lisbeth Dahl, med noko søtt i. Dette som takk for at dei har trøsta, mata, kost, passa og lært våre smågull ein masse. Samstundes har dei gjort sånn at me som foreldre har kjent oss heilt trygge på at våre to små har hatt det trygt og godt. Tusen takk !
Nå får denne påskeharen gjera ein innsats på heimebane... :-)

tysdag 11. mars 2008

Perleblom



Herlige vårblomar, og deilig lys!
Nå er eg blitt inspirert av andre som har kjøpt inn vårblomar, til å få innomhus skjønne perleblomar! Klipte av blomar og satte dei i småvasar frå IKEA.
Ute er våririsen min komme opp, men ligg veldig flat i beddet. Regn, sludd, snø, storm osv. har tatt knekken på den...manglar vel berre sandstorm og ein ørliten tornado, så har me vore gjennom heile registeret.
Eg malar vegger, trapp og det som treng eit strøk etter ein vinter med sot og lysbrenning. Samstundes designer eg innbydelsar til både bryllaup og konfirmasjonar, og ein god del anna... Travelt og kjekt! :-)

laurdag 8. mars 2008

Pannekaker





Kvinnedag og tunellopning feirar me med pannekaker til frukost!

Pleier absolutt aldri å steika pannekaker til frukost, men kven kan motstå sånn vakker embalasje? Desse pannekakepakkane er så skjønne, og passar jo grådig godt inn på det nye kjøkkenet... (Ja, min kjære, du har heilt rett -det ER grunnen til at eg kjøpte den). :-)

Pannekakesteiking i dag kom i gang, grunna to sjuke småtroll. Minstemann som vanligvis et alt (dvs. alt, frå stein og bark, til menneskeføde som sylteagurk, brokkoli, kvitlauk osb.), vil ikkje eta noko. Tenkte at desse pannekakene kunne gjera susen, men nei... Kunne derfor heller ta bilete av dei, ettersom ingen ville smaka eit fnugg!

Nå er guten lagt, med saftis i magen. Den sklei ned, og er sikkert rekna som ein "god start på dagen".

Kvinnedagen blir altså feira ved kjøkkenbenken, med sutrete ungar rundt føtene, og mann på arbeid. Sikkert det som var det opprinnelege politiske målet med den dagen...

Dagen skulle for vår del, egentleg vore feira på Halsnøy, som i dag blir landfast. Får nok sjå glimt frå vår vakre øy på fjernsyn i kveld, med snorklipping og det som høyrer med. Ettersom det pøsar ute, så er eg litt glad (pittelitt) for at me må halda oss innandørs, på ei anna øy.


Ha ein fin dag, med eller utan pannekaker og snorklipping !


Eng: Pancakes for breakfast!

onsdag 5. mars 2008

Masse fint



























Nå har den kjekke butikken på Halsnøy oppdatert
Eg var innom å tok nokre bilete for dei. Fekk meg eit knallfint boss-spann frå House Doctor.
Det står på kontoret, og passar så godt... :-)

Snart så kjem Sæbøvik Gåver & Leiker til å legga ut eigne bilete og tekst.
Butikken er ikkje ein nettbutikk, men kikk innom for litt inspirasjon!