måndag 31. desember 2007




















...og godt nyttår!

Nå er nesten alle dei 100 julekorta avsendt eller avlevert, så her er årets jule og nyttårs kort til alle dykk som er innom bloggen min!

Korta i år hadde temaet "Englar daler ned i skjul". Dei som vart sendt i posten hadde filtenglar og vedlagt engleglans, utanom kongen sitt kort, så klart :-) . Han (og nokre andre utvalgte) fekk kort med glasengel og små venger. Håpar at alle vart glade, om det var filt eller glas! :-)

Eng: Happy new year! Showing this years christmas card.

søndag 23. desember 2007

God jul
























GOD JUL til alle saman som vitjar bloggen min!
Tusen takk for alle dei utrulig kjekke kommentarane dykk har lagt igjen til meg.
Med ynskje om ei minnerik juletid!

måndag 17. desember 2007

...du rosa glitrande tre...








































Det vesle juletreet me fann i skogen, er pynta. Sidan nissemor kom til verda rett før jul, så har ho fått litt julepynt av mammo si kvart år. Det rosa hjarta fekk ho til si fyrste jul, då ho var pitteliten og veldig gul! Nå veit eg at det blir litt flott julepynt i kalenderen hennar dei næraste dagane. Den gler eg meg til å henga på treet!
Eng: Pink decoration!

søndag 16. desember 2007

Happy birthday





I går var det bursdagsfeiring her i huset.
Vesle nissemor vart 3 år! Dagen vart feira med vener og slekt. Masse rosa, søtt og klissete nammenam kom ned i små og store magar.
I dag føles det litt som 1. juledag her i huset. Masse flotte, nye pakkar i stova, julepynten litt på skeive, nattkleda på til langt på dag og masse levande lys. Åååå for ein herlig dag!

Eng: 15. of Dec. our little sweetheart turned three years old. Happy birthday!

torsdag 13. desember 2007

Adventskalender















Eg har sydd! Eg har sydd! Eg har sydd! :-)

Fekk ein ide at eg ville laga ein kremmerhuskalender til våre to søte små. Når ein har det travelt, så er det jo viktig å setja i gang med enda fleire prosjekt... :-)
Uansett; Endeleg fekk eg brukt mitt stripete stoff, kjøpt i mine studentdagar i England.
Symaskina fekk også sin "jomfrutur", etter eg fekk ho i presang av min kjære for ca. 1,5 år sidan... Nå fekk den endeleg komma i bruk, men først etter ein del plunder som: "korleis tre tråden, slik at den syr!", "korleis få tak i undertråd (trudde den kunne kjøpast i butikken)", "korleis spole?" osv...
Klipte ut kremmerhusa på augemål, dvs. at ingen er like. Pynta kvar pose med dingeldangel og bånd (kjempefine band som eg fekk i bytte mot at eg redigerte nokre bilete). Litt symbol, og litt minner frå året 2007.
Den 15. des. er spesiell her i huset, ettersom lille frøken dings kom til verda på den datoen, derfor sydde eg eit bilete av henne på den posen. Måtte laga ein litt stor pose til den dagen...

Å treet då. Det var det som eg saga ned hos ein veldig kjekke nabo. Smugla det inn på kjøkkenet, medan mannen var opptatt på anna hald...pynta det med diamantlys og litt sånt snacks, og voila, der var adventskalenderen som eg hadde lyst på, og sett for meg i mitt indre! Jippi!

Eg er så fornøyd, og ganske så kry! Eg har nemleg sydd!

onsdag 12. desember 2007

Velkommen

































Dette er den einaste plassen som er blitt pynta til jul, så viss eg vil ha julestemning så må eg ut i kulden...

Det vesle juletreet fekk eg "hogga" ned hos ein kjekke nabo. Samstundes så hogg eg ned eit anna tre hos ein anna kjekke nabo (det skal dykk få sjå bilete av i morgon). Reinaste tjuvhogsten -Unnskyld!


Ha ein fin dag!

tysdag 11. desember 2007

Engel



























Hadde vore så fint viss døgnet hadde fleire timar! Einaste julepynt som er komme fram her i huset, er denne skjønne engelen frøken Dings hadde med seg frå barnehagen i går.
Den skal snart få følge av andre englar, så fort me får vekk det nye kjøleskapet (pluss ørten kassar, posar og eg veit ikkje kva) i frå stova...
Eng: Sweet angel, made by my daughter in kinder garten.

tysdag 4. desember 2007

Mitt 100. innlegg




























Hei! Dette er mitt 100. innlegg på bloggen min, og det er ein knagg! (Pokkers knagga :-)!). Som sagt for ørtende gang, det går veldig tregt dette knaggeprosjektet mitt, men det kjem seg!


Hadde planar om mange kjekke juleinnlegg her på bloggen, men har hatt det veldig travelt (kjekt travelt!) i det siste, med fotografering både her og der, oppussing i fleire rom og alt det andre som fell seg i ein heim med to små apekattar. :-)


Likevel, innlegga skal komma, så håpar de fortset å stikka innom! Set utrulig pris på alle dei fine kommentarane eg får ang. fotografering. Det gir meg tru på meg sjølv og rett og slett glede! Ha ein fin dag!