onsdag 28. november 2007

Fotografering i ein kjekke butikk



























Svigerinna mi er med å driva ein gåve, leike og barnekledebutikk på min barndomheimplass.
Nå har eg tatt bilete av den julepynta butikken deira.
Butikken har også fått laga seg ein blogg, som dei skal ha fram til jul, slik at dei kan lokka folk på julehandel til Halsnøy -verdens finaste øy! :-)
Viss de vil så kan de kikka innom for å sjå fleire bilete:

tysdag 27. november 2007

Hund



























Her er min vesle skadeskutte hund, som ein kjekke gallerieigar var så uheldig å mista i golvet...

Nokre er uheldige, andre er heldige. :-)

Hunden er nemleg blitt min, veldressert og kjekk!

torsdag 15. november 2007

Out of focus





























Prima Ballerina... :-)
Ha ein god onsdag!
(TORSDAG meinte eg...her går det litt i surr!).

måndag 12. november 2007

Snøen smeltar


















Så var snøen vekk for denne gong! Regn har gjort den om til is, så alle saman, kjøyr forsiktig! Vegane er GLATTE! (Kanskje eg bør bli sponsa av Trygg Trafikk heretter...).
'

Eng: The snow has turned into ice...

laurdag 10. november 2007

Snø!




Jippi, det er snø! Så fint, og sååååå kjekt! Ha ei flott vinterhelg, alle saman!


Eng: Snow, snow , snow! The kids love it!

tysdag 6. november 2007

Bæ, bæ, lille lam


















Lille lammet til mamma og pappa! :-)
Bilete vart brukt på takkekortet, som de her ser eine sida av.
Brukte også bilete som frimerke. Synes det er fantastisk at me her i Norge kan laga våre eigne frimerker, på posten sine nettsider.
*Håpar at alle har fått korta sine, enten i posten eller handlevert. (Viss ikkje, vær snill å gi meg ein lyd!).
Eng: Showing one page of the card, and the picture I used as a stamp.

fredag 2. november 2007

Takkekorta er sendt...





Eit prosjekt som har tatt litt tid er ferdig! Kryss i taket! Endeleg får alle som gav vetlepusen vår ei "velkommen til verda" gåve, eit heimalaga takkekort.
Nå er korta i posten sine hender, så kanskje de får dei i morgon? Spente?

Eng: Homemade "thank you" cards, for the birth of our beloved babyboy, is finally posted.


Knagg nr.4



Her er det travelt for tida, så litt lite blogging. Knaggeprosjektet mitt går akkuratt så tregt som eg hadde tenkt meg... Kjøkkenet likeså... :-(
Desse hengte eg opp for ei tid tilbake, så då fortjener vel dei å komma på bloggen!? Endeleg har me ein plass for alle veskene, som mamma og vetlajento er lika glad i.