onsdag 29. august 2007

Blessed



























Hadde egentleg ikkje tenkt å legga ut dette bilete, men synes det er så morsomt at nå gjer eg det. Me gjekk tur i går, og då tok eg dette bilete inni eit lite skogholt. Ser ut så ein liten lysfontene med englekontakt! Go Märtha! :-)

søndag 26. august 2007

Søndag




















Å koss eg elskar mine to små! Eg er så takknemleg og inderlig glad for at me har fått desse to unike individa! Samstundes er eg så redd for å mista dei.

I dag sa eg til "frøken grimas" (sjå bilete på toppen).
"Veit du at mamma elskar deg?". "Ja!". Svara ho, for så å sei: "Eg kan kjenna da!".


Dette diktet fann eg på ein annan koselig blogg som eg nå ikkje finn adressa til.
Det vil eg dela med dykk på denne søndagskvelden.


Tru ingen som seier at det gode livet kjem seinare.
Livet kjem ikkje, livet er.
Hold om, og hold av og ha det litt bra kvar einaste dag!
Også denne dagen.


Ynskjer alle ei god ny veke!

laurdag 25. august 2007

Lavendel




























Sjå denne skjønne lavendelposen, med nydelig broderi, som eg fekk i posten i går. Fekk den av Trude http://trudeeriksmoen.blogspot.com/.
Tusen takk!

tysdag 21. august 2007

Epler
































Nå har me hausta inn
epler.
For at dei skal bli søte i smaken så treng dei sol. Jippi -sola skin!
Eng: Apples from our garden.

måndag 20. august 2007

Ridderspore



























Riddersporen
måtte inn, i allefall ei grein. Dei ligg flatt av regnet. Nå får dei pynta opp med sin nydelige farge, her inne i stova. Eg er så glad for at eg planta desse, for mange år sidan!

laurdag 18. august 2007

God helg
































Ynskjer at alle får ein fin laurdagskveld og ein kjekke søndag!

Her er eit bilete av lyng plukka på hytta. Mmmm, fin farge og god lukt!
God helg!

torsdag 16. august 2007

Boktid






























På mandag, etter å ha vore til fjells utan nokre slag av butikkar, hadde eg ein ting eg MÅTTE ut å ha! Det var siste boka til Anne B. Ragde. Viss de ikkje har lest Berlinerpoplane og Eremittkrepsane, så vil eg anbefala det. Nå er tredje boka lansert, og det har eg gledd meg til!

Sveipa innom Lindex på vegen, der eg fann ein haug med kjekke og billige nattklede og basisplagg til dei små. Lurt å handla nå, ettersom butikkane må ha plass til alle haustvarene...

TUSSALUSO (sjå link på sida mi) viser hausten med å visa lyngen som ho har teke inn. Eg drog med meg inn litt roser, som heng nesten under jorda, pga. alt regnet.

Nå skal eg nyta haustkjensla, og kosa meg med bok og te! Berre tulla, eg drikk Cola Light! Heheheheeh :-)

måndag 13. august 2007

Blåbærskog



















Våre søte små, med mamma og pappa på blåbærskog. Mammo litt meir ivrig å fotografera, "på grunn av da fina lyset" (høyre meg sjølv), enn å plukka bær.

Ser idyllisk ut, men bileta kan lyga... "Store og farlige" maur gjekk til angrep på frøken fjong og stakkar vesleguten (som måtte ligga på bakken pga at eg skulle ta bilete), og me måtte rømma!


Er vel ikkje farlig med litt maur synes mammo...skulle jo ønskt at eg berre kunne tatt eit bilde til... Huff, kjenne meg litt som ei dårlig mamma. Men berre litt... :-)


Eng: Our children in the wood, picking blue berries.

Sjarmøren vår




Her er vetlepusen i nya huo si, kjøpt på Evanger den og! Er han ikkje god! Mmmmmm...seie mamma! :-)

Eng: Our little sweetheart in his new hat. Cute...

laurdag 11. august 2007

Litt reklame


































På Evanger, mellom Dale og Voss, fins ein kjekk butikk som sel både gammalt og nytt. Ein shabby, vintage aktig mix, med gamle møblar, handlaga "krimskrams", klede og ein del frå Lisbeth Dahl + mykje anna. Her var eg, og gjorde eit godt kjøp! Rosa hov, stolar (skal visa dei ved ein seinare anledning), liten trekomfyr, serviettar, knaggar osv. vart med meg heim. Ta turen innom, viss du er "on the road". Dei har eigen nettbutikk, for dei som bur langt vekke:
http://www.evanger.net/default.htm
Eng: Items bought in the summer.

Kvister og sånt...





Trenden er å ta naturen inn, i form av vatn, tre, kvister og dyrekranie...hmm... Me blir alle påvirka, om me vil eller ei! Så her sit eg, og angrar litt på at eg ikkje tok med meg det daude treet i elva -hadde nemleg vore fin å hengt smykker på. :-)

laurdag 4. august 2007

Badestampen vår





























Nå har me vore på hytta, der me har badestamp. Det er husbonden sjølv som har laga den, etter broren si oppskrift(?).
Uansett, alle likar eit bad i den varme stampen, spesielt i snø eller regn! Veldig kjekt har det vore i ferien, ettersom det ikkje har vore så fristande med bad i elva eller vatnet...brrrrrr...
Mollemor storkosar seg i stampen, og vil helst ikkje ut...
Eng: Pictures from our cottage in the mountain.